Bra blodsugar
André Øvredal lagar stendig store, stramme og stødige sjangerfilmar i USA.
Larsen (Martin Furulund) og Nosferatu (Javier Botet) i den nye Dracula-filmen regissert av André Øvredal.
Foto: Amblin Entertainment
Skrekkfilm
Regi: André Øvredal
Dracula – the Last Voyage of Demeter
Med: Corey Hawkins, Liam Cunningham, Aisling Franciosi
Kinofilm
Klassikaren Dracula av Bram Stoker blir film igjen. Grunnlaget er det stutte kapittelet om ferda frå Romania til England med skipet «Demeter». Etter opningsscena med det forliste skipet hoppar filmen tilbake til lossing i bulgarske Varna.
Den engelske lækjaren Clemens (Hawkins) kjem med på skipet trass i mjuke hender når Captain Eliot (Cunningham) leitar etter sterke menn. Frykta dei rumenske lossarane hadde for kasser med drakemerke, viser seg velgrunna når ei ille stelt kvinne (Franciosi) dett ut av kassene. Rykte om eit vondt vesen på båten breier seg. Monsteret er tørst på blod.
Legendestafett
Det skortar ikkje på filmatiseringar av braksuksessen til Stoker frå 1897. Nosferatu av F.W. Murnau frå 1922 var ikkje først, men den monstrøse figuren til Max Schreck står som sjefvisualiseringa. Ikkje rart Werner Herzog brukte same namn på sin film og lét Klaus Kinski kopiere landsmannen i 1979.
Bela Lugosi er like kjend for si tolking i Dracula av Tod Browning i 1931, og jamvel Gary Oldman og Christopher Lee har spelt rolla. Vampyrnerdar vassar i variantar.
Filmskaparen André Øvredal kjenner si historie og har sans for skrekk og gotiske forteljingar. Han viste stødig handverk i USA med The Autopsy of Jane Doe og Scary Stories to Tell in the Dark. Mest sprelsk var han med norske Trolljegeren. Tilbake i heimlandet kom meir norrøn mytologi i Torden. Osingen likar filmar med monster og mørke. Vi ser kvifor han er venn med Guillermo del Toro.
Stramt og stort
Den nye Dracula-filmen er sjangertru. Eit symfoniorkester er i full sving for å eggje fram kjenslene. Det knirkar godt i treverket på skuta, som ser flott ut. Captain Eliot likar det tradisjonelt, trass i at damp er det nye store. Det blodsugande monsteret er godt nok laga til å sende eit kaldt gufs nedover ryggen. Ein finn trekk frå variantane til Murnau og Herzog, men det er mindre menneskeleg, i retning reint uhyre.
Dei fleste rollene er nyskrivne. Ein godlynt gut lettar stundom stemninga. Corey Hawkins har poengtert verdien av hovudrolla si som svart lækjar, og han vart sjølv fostra opp på blacksploitationfilmen Blacula frå 1972. Hawkins og Aisling Franciosi i kvinnerolla overtyder i roller som gjev perspektiv utanfrå i eit røft miljø. Det er fritt for reine skurkar i mannskapet, bortsett frå Dracula sjølv.
Øvredal plar halde sjangerfilmar med store budsjett stramme. Dramaet skjer mellom menneska og monsteret på skipet, sidan tida før og etter er høvla vekk. Det skapar ein underhaldande og kompakt storfilm. Ideen opnar for framhald, sjølv om det stengt tatt er meir enn nok Dracula i filmhistoria. Øvredal har funne seg til rette i eit USA som framleis tørstar etter tradisjonell skrekk.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.