Film
Astrup i sterke fargar
Filmen om kunstnaren frå Jølster er meir biografi enn kunstnarproblematikk i eit vakkert Astrup-portrett.
Thure Lindhardt og Dennis Storhøi i rollene som høvesvis Nikolai Astrup og venen Anton Fond.
Foto: Poul Iversen
For seks år sidan laga parhestane Pål Øie og Karl Johan Paulsen ein sympatisk film om målaren Johan Hertervig. No er dei ute med eit tilsvarande portrett av Nikolai Astrup (1880–1928), også dette ein vellaga sjangerhybrid av tradisjonell dokumentar og dramatiserte scenar, der Sjur Aarthun med sitt kamera kjenslevart har fanga mannen og bygda hans i alle årstider.
Inspirasjon
Filmskaparane har hatt mykje personleg materiale å byggje på, og det har dei nytta godt. Eit paradoks i dette kunstnarlivet går dei ikkje inn på: Filmen syner at kunstnaren hadde fleire utanlandsopphald av varierande lengde, men i kunsten sin heldt han seg stort sett til heimlege Jølster.
Mange motiv, kjende og mindre kjende, har dei leita opp og «gjenskapt» med måleria til Astrup. Det fungerer godt og gir ikkje berre farge til framstillinga, men lèt oss også skjøne noko av det som må ha inspirert den naivistiske kunstnaren.
Viktige hendingar
Dei viktigaste hendingane frå livet til Astrup er med, frå tidleg sjukdom, brotet med ein pietistisk prestefar og utanlandsreisene til utstillingane med god kritikarmottaking i hovudstaden. Personlegdommen Astrup blir teikna med fine drag, og familieliv og bygdesamvær får sine talande uttrykk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.