JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Årsbeste frå Håkon

Fleire av dei beste filmane på kino i år var friske pust.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristine Kujath Thorp og Nader Khademi spelar godt i ein av årets beste norske filmar.

Foto: Arthaus

2808
20211224
2808
20211224

Gullpalmevinnar Titane stadfestar Julia Ducournau som rebellen i fransk film. Rått, grenseoverskridande, stilfullt, provoserande og skrekkeleg effektfullt. Gullbjørnen i Berlin gjekk til den rumenske provokatøren Radu Jude for Bad Luck Banging or Loony Porn, som opnar med det som ser ut som ein lang heimespøta sexvideo, før dei flauaste foreldremøtet i skule- og filmhistoria. Dei to vinnarane deler smarte perspektiv på kjønn og kvinneroller. Rumensk film er stabilt imponerande, som eit Europas Iran.

Iranske Mohammad Rasoulof vann Gullbjørnen i 2020 med Det finnes ingen djevel, mot viljen til styresmaktene i heimlandet. Regissøren sit i husarrest, men har laga ein slåande smart og sterk film om dødsstraff. Mildare kritikk finn vi i årets beste film frå eit anna stort filmland, USA, i Oscar-vinnar Nomadland av Chloé Zhao. Frances McDormand briljerer som lausarbeidar blant glade amatørskodespelarar i tråd med stilen til Zhao.

Ingen i USA gjer slikt betre. Gjæve europeiske prisar gjekk til kruttønna Quo vadis, Aida? av bosniske Jasmila Zbanic. Det finst ingen heltar i hennar skildring av hendingane i Srebrenica i 1995. Apatiske FN og blodtørstige Ratko Mladic får passet sitt påskrive.

Til å grine av

Apropos folkemord var den beste krigsfilmen i år stillfarne Natural Light av Dénes Nagy frå Ungarn. Nydeleg foto, subtilt skodespel og umogelege dilemma sikrar ei storslagen filmoppleving om tyskallierte soldatar på partisanjakt. Meir vald er det i den meisterlege meksikanske dystopien New Order av Michel Franco. Landet eksploderer i eit sanseleg angrep med sylkvass lyd, sterke fargar og nådelaust tempo.

Kontrasten er sterk til japanske Mødre av Naomi Kawase, eit sakte, smålåte og stadig overraskande drama om forventingar knytte til familieauke. Tittelgrisen i Gunda av Viktor Kossakovsky tek morsrolla til nye høgder. Aldri har vi sett livet som gris så vakkert og hjarteskjerande.

Filmen som vakte mest kjensler hjå meg i år, var likevel svenske Spring Uje spring av Henrik Schyffert, der Uje Brandelius syng så det svingar medan kroppen blir svekt av Parkinsons. Eg lo og grein i eitt bankande køyr.

Nyt Noreg

Det norske filmåret fekk ein pangstart med morosame og estetisk kjekke Ninjababy av Yngvild Sve Flikke. Endå meir opprørsk var Gritt av Itonje Søimer Guttormsen, som skildrar eit katastrofalt kunstnarisk liv.

Så kom Cannes-karane frå Oslo. De uskyldige av Eskil Vogt var ei stilig skummel skrekkøving med born. Året toppa seg med Verdens verste menneske av Joachim Trier, ei velsmurt skildring av norsk middelklasse i eit særs vellukka, men kritkvitt norsk filmår.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis