Almodóvar vender tilbake
Med Smerte og ære har fargeklatten Pedro Almodóvar laga sin beste film på mange år.
Filmregissøren Salvador Mallo (Antonio Banderas) saman med Mercedes (Nora Navas).
Foto: Manolo Pavón / Norsk Filmdistribusjon / El Deseo
Drama
Regi: Pedro Almodóvar
Smerte og ære
Med: Antonio Banderas, Penelope Cruz
Salvador Mallo (Banderas), hovudpersonen i Pedro Almodóvars nye film, er ein eldre, litt matlei filmskapar. Han bur i eit stilreint, herskapeleg husvære i Madrid. Der har han isolert seg frå omverda, på grunn av dels kroppslege smerter, dels psykologiske. Framfor å jobbe med nye prosjekt har Salvador begynt å mimre om fortida og barndommen.
Med ein visuelt distinkt stil – sterke fargar og kitschelement, for å nemne noko – og tilbakevendande tema og motiv, har spanske Pedro Almodóvar fargelagt internasjonal film sidan debutfilmen (1980). Medan Spania vakna til live etter det undertrykkande Franco-regimet, starta Almodóvar frigjeringsprosjektet sitt: å lage film om dei skranglete typane i samfunnet, anten dei er kvinner på randa av nervøst samanbrot eller homofile og transseksuelle.
Personleg
Ein Almodóvar-film kjennest alltid personleg. Men Smerte og ære er nok det næraste han har vore ei samansmelting av eige liv og fiksjon. Det er openbert at filmen har klare sjølvbiografiske trekk – ein aldrande, homofil regissør i Madrid. Fortolka av Antonio Banderas blir karakteren Salvador Mallo også ein eigen figur. Banderas er strålande i rolla: komisk, melankolsk og nostalgisk, gjerne i éi og same scene.
Som i alle Almodóvar-filmar er plottet vanskeleg å gjengi utan å gå for mange vegar. På sitt beste, som her, evnar regissøren å dra handlinga i fleire retningar, men likevel snøre det elegant saman. Den finstemte rytmen gjer at filmen berre skjer med deg. Smerte og ære er ein meditasjon over aldring der humor og tristesse er uløyseleg knytte saman. I ei hysterisk scene sniffar Salvador kokain medan han snakkar i telefonen med ein fullsett kinosal som nettopp har sett Sabor, Salvadors åttitalsklassikar. I ein annan lekker montasje erkjenner Salvador at han ber til Gud når han har mykje smerte, men blir ateist så fort smerta avtar.
Melodramatikaren
Almodóvar elskar melodrama, men dei siste filmane hans har mangla ein emosjonell kjerne. Her treffer han blink. Ei barndomsskildring fortald i tilbakeblikk viser oppveksten til den unge Salvador på landsbygda. Den dominerande og eigenrådige mora (Cruz) har store forventingar til sonen. Vi får også dei første innblikka i kjensler og lyster som er vanskelege å forstå. Vi får høyre historia om ein tapt kjærleik, men også om kjærleiken til filmmediet, som i Salvadors ord er det som «gir livet meining». Den vakre sluttscena med ein finurlege metatvist illustrerer dette betre enn noko.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Smerte og ære er ein meditasjon over aldring der humor og tristesse er uløyseleg knytte saman.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.