Film

¿ Fanitull og festleg tøys

Snill og harmlaus moro med Asbjørnsen og Moe og co.

Den nye Askeladden-filmen er ei fantasifull eventyrblanding.
Den nye Askeladden-filmen er ei fantasifull eventyrblanding.

Familiefilm

Regi: Mikkel Brænne Sandemose

Askeladden – I Soria Moria slott

Med: Vebjørn Enger, Eli Harboe, Sidse Babett Knudsen

Lytt til teksten:

Espen Askeladd (Enger) og brørne vert inviterte til prinsesse Kristin (Harboe) sin 19-årsdag på slottet. Eit komplott mot kongen og dronninga gjer at Espen gjev seg i veg for å finna livets vatn i Soria Moria. Kristin har ikkje tenkt å tvinna tommeltottar heime og set ut på den strabasiøse ferda saman med han.

Arven

Det er kjekt å sjå familiefilmar som er såpass forseggjorde som både denne og forgjengaren, Askeladden – I Dovregubbens hall. Som med all anna norskprodusert film er det uråd å gjera det utan å ta store delar av innspelinga til Tsjekkia og andre land med gode insentivordningar, men her er det framleis gjort god plass til norsk natur og landskap som høver med den gamle dåmen av folkeeventyra. Asbjørnsen og Moe forserte desse terrenga til fots på midten av 1800-talet, og respekten for denne innsatsen visast att i dei freske satsingane frå regissør Mikkel Brænne Sandemose og teamet hans.

Eg irriterer meg jamt over når det er generiske austlandsdialektar som dominerer lydbiletet, men sett vekk frå denne tydelegvis uunngåelege skjemminga i barnefilm, så kjem hovudrolleinnehavarane frå det i god stil. Den elskelege oskeladden og den handlingskraftige prinsessa utfyller kvarandre, slik at dei er perfekt moderne og likevel gullige nok til å passera for dei aller fleste.

Eventyrblanding

Slike stavkyrkjeliknande slott som det prinsesse Kristin bur i, fanst ikkje på skikkeleg i Noregs rike. Men då som no: det må jo vera lov å drøyma! Kor heldig det var for den raudgrøne regjeringa i 2005 å kalla opp erklæringa si etter Soria Moria-hotellet, kan diskuterast. Ein vil jo gjerne at draumar skal gå i oppfylling, luftslott har ein lite bruk for. Og for å nå Soria Moria må ein gå gjennom eld og vatn.

I Askeladden – I Soria Moria slott får ein servert ei salig blanding eventyrlege innslag frå Fossegrimen til Draugen, ekle vesen som framleis ikkje er gått i gløymeboka hjå dei eldste og som med dette kanskje vert haldne liv i for ein ny generasjon. Eg har vel alltid sett for meg Fossegrimen noko annleis enn denne Gollum-aktige skapningen som her trakterer fela. Draugen, derimot, er skikkeleg skummel. Det er kjekt.

Det kjem nok fleire filmar om Espen Askeladd, og det må det gjerne. Den fantasifulle eventyrblandinga gjer seg godt, om dei berre ikkje fell for freistinga til å gnita på budsjettet. Og så hadde det ikkje skada med ørlite kvassare humor. At den kraftig bygde broren berre har lyst på mat, er liksom noko datert. Men tenk kva prinsesse Kristin kunne få lira av seg dersom ingen kunne målbinda henne!