Film

Film i knallform

Cluj-Napoca: Vi kan varmt tilrå å ta turen til Transylvania på den største internasjonale filmfestivalen i Romania.

Den rumenska filmen av Alexandru Belc er knakande god, meiner Håkon Tveit.
Den rumenska filmen av Alexandru Belc er knakande god, meiner Håkon Tveit.
Publisert

Ferda går med tog til Tiff. Ein kjem seg ikkje til Tromsø med tog, men til Transylvania. I Cluj-Napoca har dei ein super og populær filmfestival: Transylvania internasjonale filmfestival. Toget frå Bergen til Balkan tek litt tid, men ein får med seg mykje kjekt på turen.

Rett nok kom eg ikkje fram i tide til stumfilmkonsert i Bánffy-slottet med klassikaren Nosferatu frå 1922 av F.W. Murnau, med Max Schreck som Grev Orlok. Med musikk av den ungarske operaen i Cluj høyrest det ut som eit fantastisk arrangement i hjarta av ein region kjend for vampyrmytar.

Rågode Romania

Som nemnt før på filmsidene, er rumensk film framleis i knallform, snart tjue år etter at rumenske regissørar tok verda med storm med filmar som 4 måneder, 3 uker og 2 dager av Cristian Mungiu og Lazarescus død av Cristi Puiu. Ein knakande god rumensk film på festivalen i år er Metronom av Alexandru Belc. Filmen er lagd til 1972. Nicolae Ceau?escu styrer med den skremmande tryggingstenesta Securitate.

Belc har arbeidd mykje med arkiva til Radio Free Europe, og han har laga ein stram og frisk fiksjonsfilm om ungdom som har fest der dei høyrer på eit musikkprogram og skriv brev til radioverten med musikkønske som Jimi Hendrix og The Doors. I kjernen er forelsking og fest, flukt og tysting. Filmen tek ei mørk vending når Securitate kjem på døra. Fiksjonsdebuten til dokumentaristen er framifrå.

Ukrainsk nabo

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement