Film

Feministfeiring

Den kjekke og rørande dokumentaren om bragda til islandske kvinner er perfekt for 8. mars.

Guđrun Jónsdóttir, ei av kvinnene som demonstrerte i 1975.
Publisert Sist oppdatert

Året er 1975. Islandske kvinner er lut leie. Dei planlegg å streike éin dag. Eventuelt ta ein fridag, for dei som synest streik høyrest for venstreorientert ut. Både betalt arbeid og husmorrolla skulle leggjast vekk for ein dag.

Spol fram til no, og mange av kvinnene som tok del i den historiske hendinga, fortel om kva som hende.

Historia

Ideen om å ta ut ei gruppe av samfunnet har ein eldgamal narrativ tradisjon i litteratur, teater og film som eg først blei medviten om med den ville fantasykomedien A Day Without a Mexican (2004) av Sergio Arau frå USA. I dokumentarfilmen En dag uten kvinner av Pamela Hogan er det ikkje eit tankeeksperiment eller fiksjon. Ei solid rekke kvinner fortel om oppbygginga mot den store aksjonen 24. oktober 1975.

Det er mange snakkande fjes i tradisjonell dokumentarstil som kan vere traust, men det er herlege andlet som gjer filmen til ei glede. Det er interessant, morosamt og engasjerande å høyre på alle. Den einaste eg kjenner til frå før, er Vigdís Finnbogadóttir, den første folkevalde kvinnelege statsleiaren i verda. Ho var president på Island frå 1980 til 1996, frå eg gjekk i bleier til eg tok lappen.

Sjølv om likestillinga ikkje er fullkomen på Island heller, har landet tatt enorme steg frå midten av 1970-talet. Det stod sanneleg ikkje bra til. Endringane var mykje takk vere dei heltemodige kvinnene vi møter i denne underhaldande historietimen. Måten dei ser tilbake på, kan minne om større dokumentarsuksessar frå den seinare tida om hendingar som historiebøkene har gløymt, til dømes strålande Summer of Soul (...or, When the Revolution Could Not Be Televised) (2021) av Ahmir «Questlove» Thompson og Copa 71 (2023) av Rachel Ramsay og James Erskine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement