Fart og sjølvtillit Inspirerande om kjende og mindre kjende ekspedisjonar FaktabokPia Strømstad og Trond

Inspirerande om kjende og mindre kjende ekspedisjonar.

Ellen MacArthur følgde draumen og segla jorda rundt aleine.
Ellen MacArthur følgde draumen og segla jorda rundt aleine.
Publisert

Sjølv om denne boka handlar om ekstreme ekspedisjonar, har ho ei allmenn oppmoding til lesaren: Hald fast på draumane dine.

Noko er kjent stoff. Alle har høyrt om Neil Armstrong og dei første stega på månen. Men kven har dykka djupast i havet? Kven har segla raskast kring jorda? Ikkje alle ekspedisjonar lukkast. Utvalet fokuserer i staden på særskilt mot, og viser stor variasjon.

10 ville ekspedisjonar treng ikkje lesast frå perm til perm. Ein kan bla fram og tilbake, finne seg ein favoritt mellom eventyrarane, finne ut meir om reisemåla eller rekordane. Lesinga gjer deg nyfiken.

Kapitlet om Dian Fossey som levde mellom fjellgorillaer i Rwanda, tok til våpen for å berge dei og sjølv vart drepen, gjorde størst inntrykk på meg.

Pia Strømstad fortel om fortida i notid, i såkalla historisk presens. Dette gjev ei kjensle av å vere nær hendingane. Forfattaren skildrar påkjenningane slik at vi kjenner redsla, svolten og mangelen på søvn på kroppen. Ho legg ikkje til særleg meir enn kjeldene kan dokumentere, likevel er lesaropplevinga høgdramatisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement