Bok
Fars dotter
Marte Michelet tøyer grenser når ho gjenskapar rolla til faren Jon.
Marte Michelet er journalist og forfattar.
Foto: Agnete Brun
Laiv er eit spel der ein gjer seg om til ein annan person, gjerne ein som levde i andre tider, og laiv er blitt eit norsk ord. Marte Michelet «laiver sin far», sel forlaget inn denne boka med.
Marte Michelet vil prøve det frie livet som den omsverma faren, m-l-forfattaren Jon, levde, for å skrive om det.
I hovudet til Jon
WWJMD, what would Jon Michelet do, skriv ho i notatboka, med ironisk distanse til bokstavane nokre kristne ber rundt handleddet, WWJD, kva ville Jesus gjort. Ei litt springande familiehistorie og personleg historie får dermed ei ny, dramatisk drakt.
Jon Michelet var som kjent ein notorisk kvinneerobrar og sterkt omsverma mann. Ein kollega på fronten, Jan Guillou, sa i eit fellesintervju dei gjorde med VG i 1991, gjengitt i Mímir Kristjánssons biografi, En folkets helt, i 2021, at Jon var «av typen som hopper på hvem som helst i garderoben på en restaurant – uten å nyte det».
Ved å gå inn i korleis faren må ha tenkt, kler dottera av han. Jon spela av Marte blir mindre av ein helt enn den sexy mannen mange såg, som tilførte m-l-rørsla noko stuereint, dei hadde trass alt ein vaskeekte eventyrprins på laget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.