Bok

Fantomsmerter gjennom tre romanar

Agota Kristof veit kva eit halvt liv er.

Agota Kristof voks opp i Ungarn, men flytte til Sveits.
Agota Kristof voks opp i Ungarn, men flytte til Sveits.
Publisert

Agota Kristof sin trilogi om tvillingane Claus og Lucas kom på fransk mellom 1986 og 1991. Willy Flock (1939–2010) omsette bøkene til norsk ganske straks. Dei kom ut på det for lengst Cappelen-kjøpte forlaget Aventura mellom 1987 og 1992, og det er Flocks omsetjingar i lett revisjon som ligg til grunn for relanseringa av Agota Kristof.

Agota Kristof (1935–2011) vart født i Ungarn, og som barn og ungdom opplevde ho krigen og den sovjetiske okkupasjonen fram til folkeopprøret i 1956. Da flykta ho til Vesten og slo seg ned i den franskspråklege delen av Sveits, og først i ein alder av 51 år, debuterte ho med Tvillingenes dagbok – på fransk, som skulle bli det litterære språket hennar.

Romanane er korte, men skrivne med ein intensitet og ei eksistensiell smerte som treffer lesaren med rå kraft i eit univers av vald, mishandling, overgrep og drap, lengslar, sorg og sakn.

Tvillingane Claus og Lucas veks opp hos ei råbarka bestemor på landet. Dei lærer fort å greie seg sjølv. Dei herdar seg mot alt dei fryktar, dei lærer alt på eiga hand, og i ei dagbok skriv dei ned alt dei har bruk for i kampen for å overleve. Dei lever i ein slags symbiose, namna deira er eit anagram, Claus-Lucas, og dei uttrykkjer seg i vi-form. Å skilje dei ville vere ein katastrofe for begge, og det er det som skjer: Claus greier på dramatisk vis å krysse ei minelagd grense mot vest, Lucas blir att i huset til bestemora.

I Beviset følgjer vi Lucas frå 15-årsalderen fram til han er rundt 50. Krigstraume pregar heile samfunnet. Folk søker trøyst hos kvarandre samtidig som dei lever med dei som er borte – døde, i fengsel eller avretta av dei nye styresmaktene. Lucas tar seg av ei ung jente med eit misdanna barn, unnfanga ved incest, han tar seg av enkja etter ein som er avretta og seinare rehabilitert, liksom det skal dempe smerta, han hjelper den aldrande soknepresten, han opnar eit bibliotek for barn, han prøver å gjere gode gjerningar i eit samfunn prega av strukturell diskriminering, byråkratisk detaljstyring, løgn og politisk einsretting.

Dei hemmelege kladdebøkene frå barndommen er med heile vegen. Lucas les på nytt, føyer til, stryk ut og «lar bare det som er absolutt nødvendig, stå igjen» under ei erkjenning av at «den som ikke skriver, er fortapt». Slik dannar skrifta og språket eit eige rom der Lucas kan finne igjen Claus sjølv om dei aldri har hatt kontakt etter at dei skilde lag, og Lucas trøyster seg sjølv og andre med at dei som ikkje er døde, vil vende tilbake.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement