Musikk
Evig overraska
Wilco er tilbake med eit av sine mest vitale album.
Song for song er det ei glede å høyre kva kvart bandmedlem har å bidra med, skriv Øyvind Vågnes om Wilco.
Foto: Peter Crosby
Eg kunne ikkje anna enn smile etter å ha høyrt «Infinite Surprise», opningslåten på Wilcos nye album Cousin, for første gong. For ein kanonstart! Det går ikkje an å ta feil av bandet, men likevel er noko heilt nytt. Songen byggjer seg opp med tolmod, og så eskalerer alt med stor kraft, med gitarøs og ein skikkeleg kul bruk av blåsarar, bakanfor Jeff Tweedys stadig meir rustne røyst, som går djupt inn i den eksistensielle undringa frå første tone.
Wilco har alltid vore gode på opningar, på å bruke det første, gryande møtet med ny musikk til å skape eit slags momentum. Då dei sleppte myteomspunne Yankee Hotel Foxtrot på nettsida si hausten 2001, bar «I Am Trying to Break Your Heart» bod om ein heilt ny estetikk, og til med ein ny identitet for bandet, med Glenn Kotchke på trommene og Jim O’Rourke som produsent – her var sjølve lyden av Wilco skrudd frå kvarandre og bygd på nytt.
Hakeslepp
Og eg minnest enno hakesleppet som mitt første møte med A Ghost is Born (2004) baud på, for med «At Least That’s What You Said» var det som om heile spetakkelet opna med ein veritabel salutt. Her er vi, sa songen, slik høyrest vi ut no. Wilco likar å ta sjansar i ansatsen, som med sju minutt lange «Art of Almost» (The Whole Love, 2011) – det første ein høyrer, skal effektivt seie noko om kva som har skjedd sidan sist, kvar skapet no skal stå.
Så også med «Infinite Surprise». Bandet har til gode å lage ei dårleg plate, men når det er sagt, kan eg ikkje hugse å ha høyrt dei så vitale på ei stund, og det er eit inntrykk som festar seg med ein gong.
Kva har skjedd? Det er ikkje tvil om at Cate Le Bon, som er med som produsent, har vore ei avgjerande kreativ kraft denne gongen, med impulsar som har fornya uttrykket til bandet. Den walisiske artisten er første eksterne produsent sidan bandet laga undervurderte Sky Blue Sky (2007), og vil vere kjend for fleire lesarar både for sine eigne låtar og frå samarbeid med John Grant, H. Hawkline, og Kurt Vile, for å nemne nokre. Le Bon har gjort Wilco spissare og meir kantete, med saksofonar (ved Euan Hinshelwood), trommemaskiner, og ein til dels ny dynamikk i arrangementa – sjekk ut «Pittsburgh», som er eit godt døme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.