Er Civita styrt av framande makter?
Ivar Hippe skal ha ros for å vilje avdekke maktnettverk, men mange av analysane hans er står ikkje til truande.
Tilsette og tilknytte ved Civita er ein ganske brokete gjeng, meiner Cathrine Holst og skjønar ikkje kvifor Ivar Hippe er uroa. Kristin Clement er leiar for tankesmia.
Alle foto: CF-WESENBERG
Marknadsliberale tankesmier er mektige i mange land, til dømes Institute of Economic Affairs og Centre for Policy Analysis i Storbritannia og Heritage Foundation og Brookings Institute i USA. Slike tankesmier knyter til seg høgreorienterte akademikarar og er finansierte av næringslivsfolk. Dei er òg bundne saman gjennom internasjonale organisasjonar som Mont Pelerin Society, grunnlagd i Sveits i 1947, mellom anna av Friedrich Hayek, for å fremje marknadsliberalisme, og Atlas, ein global paraply for om lag 500 tankesmier.
I boka si skildrar Ivar Hippe, røynd journalist, redaktør og konsulent, mellom anna for tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla, dette nettverket av aktivistar, ideologar, professorar og milliardærar. Han fortolkar ideane og motiva i denne globale rørsla, granskar strategiane slike tankesmier gjerne nyttar, og gir døme på korleis dei har medverka til ei dreiing av ordskifte og politikk, mellom anna under Thatcher og Reagan, men òg i nyare tid.
Framstillinga kviler på eksisterande analysar av desse miljøa, lesingar Hippe sjølv gjer av arbeida til ideologar og akademikarar, men òg intervju med figurar i rørsla, og observasjonar frå møte og forum der Hippe har fått delta.
Vi blir presenterte for ein heil del interessant informasjon om globale høgrenettverk og tankesmier. Hippe skriv autoritativt om Latin-Amerika, eit kontinent han kjenner godt, til dømes om den lite ærerike rolla til Hayek, Milton Friedman og James Buchanan under Pinochet, og om korleis Jair Bolsonaro blir støtta av tankesmier i Atlas-nettverket. Her er òg viktig stoff om korleis nyliberale intellektuelle miljø og forretningsfolk var sentrale i mobiliseringa for brexit og hadde ei hand på rattet i styringa av USA under Trump.
Mykje agitasjon
På reisene sine har Hippe vore på treffa til Liberty Forum, organisert av Atlas. Nokre av augneblinksbilda hans frå møta i London og Miami i kapittelet «Hvordan vinne idekrigen? Skap en Bob Dylan!» er kostelege, og boka hadde tent på at Hippe hadde gått djupare inn i intervju- og observasjonsmaterialet sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.