JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Er Civita styrt av framande makter?

Ivar Hippe skal ha ros for å vilje avdekke maktnettverk, men mange av analysane hans er står ikkje til truande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tilsette og tilknytte ved Civita er ein ganske brokete gjeng, meiner Cathrine Holst og skjønar ikkje kvifor Ivar Hippe er uroa. Kristin Clement er leiar for tankesmia.

Alle foto: CF-WESENBERG

7959
20210820
7959
20210820

Sakprosa

Ivar Hippe:

Korstoget mot velferdsstaten. På innsiden av nyliberale tenketanker

Svein Sandnes Bokforlag

Marknadsliberale tankesmier er mektige i mange land, til dømes Institute of Economic Affairs og Centre for Policy Analysis i Storbritannia og Heritage Foundation og Brookings Institute i USA. Slike tankesmier knyter til seg høgreorienterte akademikarar og er finansierte av næringslivsfolk. Dei er òg bundne saman gjennom internasjonale organisasjonar som Mont Pelerin Society, grunnlagd i Sveits i 1947, mellom anna av Friedrich Hayek, for å fremje marknadsliberalisme, og Atlas, ein global paraply for om lag 500 tankesmier.

I boka si skildrar Ivar Hippe, røynd journalist, redaktør og konsulent, mellom anna for tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla, dette nettverket av aktivistar, ideologar, professorar og milliardærar. Han fortolkar ideane og motiva i denne globale rørsla, granskar strategiane slike tankesmier gjerne nyttar, og gir døme på korleis dei har medverka til ei dreiing av ordskifte og politikk, mellom anna under Thatcher og Reagan, men òg i nyare tid.

Framstillinga kviler på eksisterande analysar av desse miljøa, lesingar Hippe sjølv gjer av arbeida til ideologar og akademikarar, men òg intervju med figurar i rørsla, og observasjonar frå møte og forum der Hippe har fått delta.

Vi blir presenterte for ein heil del interessant informasjon om globale høgrenettverk og tankesmier. Hippe skriv autoritativt om Latin-Amerika, eit kontinent han kjenner godt, til dømes om den lite ærerike rolla til Hayek, Milton Friedman og James Buchanan under Pinochet, og om korleis Jair Bolsonaro blir støtta av tankesmier i Atlas-nettverket. Her er òg viktig stoff om korleis nyliberale intellektuelle miljø og forretningsfolk var sentrale i mobiliseringa for brexit og hadde ei hand på rattet i styringa av USA under Trump.

Mykje agitasjon

På reisene sine har Hippe vore på treffa til Liberty Forum, organisert av Atlas. Nokre av augneblinksbilda hans frå møta i London og Miami i kapittelet «Hvordan vinne idekrigen? Skap en Bob Dylan!» er kostelege, og boka hadde tent på at Hippe hadde gått djupare inn i intervju- og observasjonsmaterialet sitt.

I andre kapittel prøver forfattaren å rettleie lesaren gjennom diskusjonar i politisk filosofi, frå John Locke og framover. Hippe presenterer brotstykke av resonnement, eller korte referat av filosofiske verk. Deretter går praten om kva som eigentleg står der, og kor ille dette er. Det blir mykje agitasjon, men ikkje så opplysande om dei filosofiske argumenta.

Hippe framstiller liberalisme og libertarianisme som banale tankeretningar. Men klassiske filosofiske tekstar av Locke, Adam Smith eller Hayek er komplekse, og det finst ein omfattande kommentarlitteratur. Hippe må få meine kva han vil, men det han skriv om dette, blir ikkje så overtydande, og han kunne spart seg for den kjepphøge stilen.

Undervegs blir mykje suspekt, mellom anna at tenkjarar i liberal og libertariansk tradisjon forsvarer uavhengige domstolar, sentralbankar og fagetatar. Hippe er nok for både rettsstatsprinsipp og eit ikkje-politisert byråkrati. Han er òg for marknadsøkonomi, i regulert form. Det han manglar, er intellektuell interesse for korleis rettsstaten kan grunngjevast og korleis det kan ha seg at marknaden er ein effektiv koordineringsmekanisme.

I Noreg blei det etablert ei borgarleg tankesmie på 1990-talet – «den liberale tenketanken Civita». Civita kan ha fleire internasjonale band enn vi veit, men Hippe har ikkje så mykje konkret å kome med. Redaktør og grunnleggjar av næringslivsbladet Farmand, Trygve Hoff, var medlem av Mont Pelerin Society, men han døydde i 1982. Aage Figenschou, leiar i Liberalt Forskningsinstitutt (LIFO), er òg medlem, men Hippe seier sjølv at Civita «har brutt med mye» av det forløparane Libertas og LIFO stod for, og det blir ikkje sagt noko om at Figenschou har ei rolle i Civita no.

Lars Peder Nordbakken, rådgjevar i Civita, er medlem av Mont Pelerin Society og leiar av organisasjonskomiteen som skal arrangere årsmøtet for Mont Pelerin Society i Oslo i 2022. Hippe skriv underleg lite om dette årsmøtet og om korleis Civita er involvert, sjølv om han har hatt fleire samtalar med Nordbakken og tilgang til programutkast.

Elles er tilsette og tilknytte i Civita ein ganske brokete gjeng etter det eg kan sjå. Lars Fr. H. Svendsen og Morten Kinander har bakgrunn frå Kant-forskinga. I boka Frihetens filosofi forsvarer Svendsen fridomsomgrepet til Martha Nussbaum. Mathilde Fasting har doktorgrad om den norske juristen og økonomen Torkel Aschehoug. Den nye boka hennar er om Francis Fukuyama. Lars Kolbeinstveit har jobba med Hegel og skriv frå ein liberal-konservativ ståstad. Jan Erik Grindheim er sosialliberalar og EU-tilhengjar og arbeider elles med statsvitskaplege emne med Stein Rokkan og Helga Hernes som sentrale referansar. Eg skjønar ikkje heilt kvifor vi bør bli så uroa over dette.

Mektig aktør

For at forteljinga til Hippe skal gå opp som ho står no, må Civita bli styrt av høgrenettverk via Nordbakken, og Nordbakken vere ein slags skjult sjefstrateg i Civita. Det lyder spanande, men Hippe seier lite om kvifor dette er rimeleg å tru. Dersom Nordbakken er den mektige mannen i Civita, spørst det òg kor dramatisk dette er. Hippe skriv at Nordbakken er «positiv til de aller fleste sider ved den norske modellen» og truleg kan skrive under på «den sosialt orienterte liberalismen» til den tyske sosiologen Ralph Dahrendorf.

Civita-leiar Kristin Clemet er siviløkonom frå Noregs handelshøgskule med nettverk fyrst og fremst i Noreg og Norden. Clemet leier Civita effektivt og intelligent og har synspunkt når det gjeld skatt, skule, velferd og arbeid som ein kan forvente frå ei borgarleg-liberal tankesmie i eit land der det så langt er brei konsensus om den nordiske samfunnsmodellen. Civita har blitt ein mektig aktør i ålmenta, og utspela derfrå bør bli granska kritisk, til dømes viss forsking blir nytta selektivt, eller når synspunkt verkar tilpassa det som tener Solberg-regjeringa.

Ein del overdriv kor mykje Civita påverkar politikkutforminga, til dømes inn i forvaltninga. Civita kan heller ikkje ta æra for eller få skulda for høgredreiinga som skjedde før Civita fanst. Hippe peikar på at Clemet påverka utdanningspolitikken då ho var minister, men dette er trass alt heilt i tråd med demokratisk styringsskikk.

Som Hippe er eg uroa over auka økonomisk ulikskap og ei svekt fagrørsle, men ein treng ikkje å lage glansbilete av sosialdemokratiet som det var. I verda til Hippe er det som om det ikkje fanst problem i Noreg då han var ung, og som om det først er den siste tida det har kome framlegg om å endre på noko. Men det har vore mange rundar med reform og strid, også på venstresida.

Fleire av reformframlegga Hippe er imot, har i Noreg vore lanserte av samfunnsforskarar utan band til det globale høgre. Til dømes blei behovsprøvd barnetrygd nyleg foreslått av Barnefamilieutvalet leidd av sosiologiprofessor Anne-Lise Ellingsæter, ein framståande familieforskar og ekspert på den nordiske velferdsstaten.

Ein kan meine det eine eller andre om Rattsø-utvala, men Jørn Rattsø er ikkje Hayek, og ein treng sjølvsagt ikkje tilhøyre høgresida for å drive med principal–agent-teori. Innanfor public choice blir offentleg politikk studert ut frå økonomisk teori om nyttemaksimerande aktørar.

Hippe har rett i at slik forsking gjerne har eit kynisk blikk på politikken og analyserer politiske aktørar som er drivne av sær- og eigeninteresser. Det gjer Hippe òg, men berre når aktørane har meiningar han ikkje liker.

Cathrine Holst

Cathrine Holst er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For at forteljinga til Ivar Hippe skal gå opp som ho står no, må Lars Peder Nordbakken vere ein slags skjult sjefstrateg i Civita.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis