Kunst
Energi og glede
Det var med store forventningar eg steig av toget på Lillehammer stasjon og gjekk dei få skritta opp til Lillehammer Kunstmuseum. Alt frå parkeringsplassen, strålar det i gult frå utstillingsvindauga i første etasje, og ein kjem i godt humør.
Utsnitt frå Store sal. I front er installasjonen «The Horse Power Take Away», 2020. Til venstre ser vi delar av vegginstallasjonen «The Great Chain of Sleepers», 2017, og bakarst er det montert opp badematter og badekar frå verket «Please Remove Before Washing», 2020.
Foto: Eva Furseth
For tida stiller dei ut danske Henrik Vibskov (f. 1972). På den velfylte nettsida til museet hadde eg sett bilde av rom på rom i fargesprakande, digre og futuristiske, spenstige installasjonar. Den danske multikunstnaren smeltar kunst saman med motedesign og musikk på ein særeigen måte.
Dersom du søker opp Vibskov på YouTube, finn du brorparten av dei førti motekolleksjonane han har utført for Paris Fashion Week. Her beveger modellane seg i samspel med kunstinstallasjonar, som gjerne lagar smektande trommerytmar og blandar seg inn i lydbilda som er spesielt laga for visningane. Desse sterkt estetetiske moteshowa kan like godt opplevast som performancar, kunstforma der element frå bildekunst, teater, dans og musikk smeltar saman til noko nytt. Og når Vibskov får boltre seg i eit kunstmuseum, lage verk som vi kan la oss innhylle av, kjenne på og bevege, vert utstillinga eit heilskapskunstverk som pirrar alle sansane.
Frodig og leikent
Det er eit spennande kryssingsfelt som vert granska. Utstillinga er laga særskilt for kunstmuseet og flott tilpassa lokala. Det er særleg imponerande korleis hovudrommet i museet er kuratert. Her kjem det særeigne rommet til sin fulle rett. Utstillinga breier seg utover i alle retningar, mellom anna kan vi stige opp i eit åtte meter høgt tårn. Herfrå kan vi sjå nærare på alle verka som fyller veggar og heng ned frå taket. Utstillinga er like rikhaldig som leiken og muntert kaotisk.
Vibskov satsar på gjentakingar. Han kreerer gjerne fem ulike variantar, som vert stilte ut i store mengder. Her er heile veggfelt med badematter, soveposar, nøtteknekkarar, og ei mengde svarte flamingoar heng med slapp hals ned frå taket. Den tette monteringa gir eit overdådig, nærast vilt inntrykk. Her er det lagt vekt på det gode handverket, mange av gjenstandane er handlaga. Kven som faktisk har stått for handverket, sydd eller måla kvart og eitt av dei utstilte verka, vert ikkje opplyst. For det er designet, sjølve utforminga til Vibskov, som står i fokus. Tinga har også eit kaldt, glatt og gjentakande uttrykk som ikkje røper noko om individa som har stått for det manuelle arbeidet.
Kvardagsritual
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.