Film
Ekte Elvis
Sanninga om Elvis Presley som verdas største scenepersonlegdom vert bekrefta i ein ny kinodokumentar.
Elvis syng og fortel historia si i ein ny dokumentarfilm av Baz Luhrmann.
Foto: United International Pictures
«Eg hadde aldri sett han opptre», fortel Priscilla Presley i Netflix-filmen Return of the King: The fall and rise of Elvis, ein dokumentarfilm om tilbakekomsten til Elvis som stjerne på rockehimmelen. Høvet var eit juleprogram for TV, kokt opp av manageren Tom Parker, «obersten», som ikkje heilt vart slik Parker hadde tenkt. Han ville ha julestemning. Produsenten og Elvis ville ha Elvis-stemning.
«Og eg berre – jøss, er det dette som er greia?», ler Priscilla Presley. Ho var lamslått av å sjå kor sjokkerande god mannen hennar var når han kom seg på scena igjen.
Den same tanken har eg etter å ha sett den nye kinodokumentaren EPiC. Som er eit akronym for Elvis Presley in Concert. Ganske smart, fordi det er eit tilklipt glansbilete av kven Elvis Presley var då han var på toppen av alt, både som artist og ikon, ved starten av Las Vegas-konsertane i 1970.
Då han var verkeleg episk.
Eit glansbilete
Dei av oss som aldri opplevde han live, og det inkluderer nok alle lesarar av Dag og Tid, har ikkje kunna sjå korleis han var på scena. Jo visst finst det gode konsertdokumentarar, men dei får ikkje Elvis til å kome ut av skjermen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.