Ekstatisk danseskrekk
Dop, sex og vald er grunnleggjande komponentar for Gaspar Noé i ein ny, vill dansefilm.
Dansekompaniet avsluttar øvinga med ein fest før dei skal ut på turné.
Foto: Another World Entertainment
Etter elendige Love er den særeigne argentinskfranske og alltid skandaleklare regissøren Gaspar Noé tilbake med ein smell. Pengelens har han kokt opp ei avgrensa scene for den nye filmen, eit aude øvingslokale ei vinternatt. Her skal eit danseensemble feire ein føreståande turné der dei skal vise New York at fransk dans er best. Festen tar fort fyr med ein durabeleg breakdancebattle, men det blir blodig alvor då nokon har sprita opp sangriaen.
Dansbart
Sofia Boutella er det næraste ein kjem ei hovudrolle som koreografen Selva. Ho er ikkje berre actionhelt frå filmar som The Mummy og Kingsman: The Secret Service, men profesjonell dansar, i likskap med resten av rollelista i Climax. Det synest. Dansescenene er fantastiske, med suggerande musikk og grenselaus kroppskontroll. Som stivbeint reddhare som skyr dansegolvet, tar eg meg i å halde rytmen i kinosetet. Lydsporet opnar med Gary Numan og er dominert av pulserande fransk house frå nittitalet, som Daft Punk, men når røynda raknar, drar det over i Aphex Twin med «Windowlicker». Det passar perfekt som overgang frå dansefilm til syreskrekk.
Primalskrik
Kameraet køyrer gjerne opp ned eller vakar over krumspringa til kroppane. Dopa dansarar som ravar i gangane, minner om Enter the Void, medan heftige scener med brå brutalitet er nesten like kvalmande som Irreversible, båe av same regissør og kameraperson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.