Musikk

Eit liv i ein song

Ein ny film om Leonard Cohen brukar «Hallelujah» som omdreiingspunkt.

Dokumentarfilmen skildrar livet og karrieren til Leonhard Cohen gjennom éin einskild song, «Hallelujah».
Dokumentarfilmen skildrar livet og karrieren til Leonhard Cohen gjennom éin einskild song, «Hallelujah».
Publisert

Du veit Leonard Cohens «Hallelujah»? Sjansen er rimeleg stor for at du nikkar når du les spørsmålet. Det finst nemleg ein type song som har så sterke klangbotnar at han etter kvart finn vegen inn i både private og offentlege seremoniar av vidt ulik art, får ein sentral plass på tvers av generasjonar og slik skrir over si opphavlege, historiske forankring i sjanger, uttrykksform og tydingsrom – og «Hallelujah» er ein slik.

Difor fann Daniel Geller og Dayna Goldfine, regissørane av ein ny film om Leonard Cohen, Hallelujah: Leonard Cohen, a Journey, a Song, komposisjonen tenleg som eit omdreiingspunkt for si forteljing om artisten. Dokumentaren er ny av året og vart vist på Bergen Internasjonale Filmfestival i veka som gjekk.

Anekdotar

«Hallelujah», som først kom ut på Various Positions (1984), er sjølvsagt alt myteomspunnen. Cohen sleit i årevis med teksten, og i filmen får vi sjå notatbøkene han fylte med verseliner. Dei var det mange av – somme meiner han til slutt sat på 80 strofer, og nokre av linjene skal han ha laga eit par hundre versjonar av. Eg er glad for at Geller og Goldfine tek seg tid til å dvele ved dei indre motsetnadene komposisjonen rommar, mellom det åndelege og det sekulære, i staden for å haste vidare, for der ligg kjernen i Cohens kamp med materialet.

Det skader heller ikkje at det er plass til godt kjende anekdotar som står seg. Under eit møte mellom Cohen og Dylan på ein kafé i Paris vart Cohen spurd kor lang tid han hadde brukt på «Hallelujah». Det tok åtte år, sa han og returnerte spørsmålet til Dylan: Kor lang tid trong han på «I and I» (1983)? Eit kvarter, var svaret.

Filmen brukar ein del tid på det uhyrlege faktum at plateselskapet Columbia ikkje ville gi ut Various Positions på den amerikanske marknaden, noko som gjorde at songen lenge var relativt obskur (Dylan tok for sin del raskt til å framføre songen på konsert). Det er bra at filmskaparane tek seg tid til å gå i detalj i det som vidare hende, for transformasjonen komposisjonen gjekk gjennom i reviderte versjonar ved Cohen sjølv, og særleg tolkingar av John Cale (Fragments of a Rainy Season, 1992) og deretter Jeff Buckley (1966–1997) (Grace, 1994), er avgjerande for det mangslungne live til songen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement