Film
Eit glas til
Om du likte En ny dag truer, kjem til du å synast Palm Springs er ganske gøy.
Lyden av ein ny ølboks som blir opna, held rytmen, skriv Håkon Tveit om filmen der Andy Samberg har rolla som Nyles.
Foto: Another World Entertainment
Minnest du då Bill Murray måtte leve gjennom den same skogmurmeldyrdagen kvar dag i det uendelege? En ny dag truer frå 1993 står som ein påle i historia om komediar frå USA. No debuterer Max Barbakow med ein komedie som tek utgangspunkt i same premiss. Nyles (Samberg) og etter kvart Sarah (Milioti) vaknar kvar dag i det same overdådige bryllaupet i ørkenen i California.
God stemning
Kva gjer du om handlingane dine ikkje får konsekvensar? Første valet for Nyles er å vere ganske grei mot folk, drikke uavgrensa med øl og elles duppe på eit oppblåst plastpizzastykke i bassenget. Sarah stikk snarast råd frå den kvalmande feilfrie familien sin og det blankpussa bryllaupet deira.
Lågterskeltilbod
Når kjensler kjem snikande, blir det meir komplisert. Palm Springs har mange typiske element frå hollywoodkomediar. Dei romantiske sidene er slappe, men filmen er smart nok til å by på uventa, vittige vendingar. Variasjonen i det repeterande mønsteret er nok til å halde humøret og nyfikna oppe. Dei irriterande figurane held seg i utkanten. Med fikse triks og to likande figurar i fokus sikrar Max Barbakow god stemning.
Låtten sit ganske laust og smila lausare. Lyden av ein ny ølboks som blir opna, held rytmen og akkompagnerer innsirklinga av kva dei to kumpanane vil med dette meiningslause livet. Filosofien er ganske banal, og moralen langt frå radikal, men som moro med låg terskel er dette tipp topp. Skikkeleg gode komediar er sjeldne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.