Musikk

Éin pluss éin er lik tre

Eit overraskande samarbeid som avslører enormt potensial.

Cortex med Hedvig Mollestad: Kristoffer Berre Alberts, Ola Høyer, Dag Erik Knedal og Thomas Johansson.
Publisert

Frå det relativt nystarta platemerket Sauajazz har det kome fleire interessante plater i det siste, ikkje minst samarbeidet mellom kvartetten Cortex og førstedama vår på gitar, Hedvig Mollestad. Dei har båe profilerte karrierar og tidlegare utgjevingar som har sett spor. Ut frå desse utgjevingane var det kanskje ikkje noko som skulle tilseia at dette samarbeidet var i kjømda.

Me skal vera glade for at det har skjedd. Gjennom åtte låtar, seks signerte Thomas Johansson og to på Hedvig Mollestads samvit, har dei utvikla eit samarbeid som inneheld ulike tilnærmingar og stemningar. Frå det lange opningssporet med den illustrerande tittelen «Liminal» til det tettare musikalske famntaket «Twoface» manifesterer dette musikalske samarbeidet seg på mange vis.

Førstnemnde er ein lang, meditativ låt i medium tempo inspirert av seint 60-tals Miles Davis. Den minimalistiske tilnærminga gjev låten eit noko statisk preg, men den innleiande spenninga visnar etter kvart vekk. Dette er det einaste atterhaldet på ei plate som elles er full av inspirerande kommunikasjon, som nemnde «Twoface», der Mollestad tek utfordringane på strak arm, stundom inspirert av Bill Frisell og stundom av pre-Miles John McLaughlin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement