Bok
Ein klassikar i norsk språkdrakt
Rimet om den gamle sjøfararen er nok det mest kjende diktet til Samuel Taylor Coleridge.
Samuel Taylor Coleridge, detalj frå målarstykke av Washington Allston, 1814.
Foto: The National Portrait Gallery i London
Samuel Taylor Coleridge (1772–1834) er ein av dei store personlegdomane i engelsk litteratur. Saman med venen William Wordsworth la han grunnlaget for ein ny romantisk poesi på engelsk grunn, programmatisk formulert i føreordet til det felles verket Lyrical Ballads.
Jamvel om rimet om den gamle sjøfararen («The Rime of the Ancient Mariner») er kjent, er det ikkje sikkert at det vert særleg mykje lese i dag. Difor er det fortenestfullt at Kjetil Myskja kjem med sin versjon, slik at vi på nytt kan få kjennskap til meisterverket.
Balladeform
Diktet er stort og komplekst, med rim og rytme og det heile, og har nok bydd på mange utfordringar for gjendiktaren. For å byrja med tittelen: Korleis skal ein omsetja det engelske ordet rime? Andre gjendiktarar, til dømes Johannes Gjerdåker, har falle ned på «Soga til den gamle sjømannen», medan Geir Uthaug har «Balladen om den gamle sjømannen». «Balladen» er eit godt ord, for diktet er bygt rundt balladeforma.
Begge desse vala tykkjer eg er betre enn det Kjetil Myskja kjem med, som for meg kling noko kunstig. Men det er eigenleg ei smakssak kva ein føretrekkjer.
Fall og forløysing
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.