Teater

Ei reise frå og til seg sjølv

Drama med låg puls får bra sprengkraft.

Ågot Sendstad spelar hovudrolla som Harper Regan.
Ågot Sendstad spelar hovudrolla som Harper Regan.
Publisert

Det er nok ein svært menneskeleg impuls å kjenne på, når livet buttar imot og ein kjenner seg dregen til alle kantar, denne trongen til å ta seg ein skikkeleg time-out, rett og slett stikke av frå alt og alle ei tid. I det norske klassikararkivet kjenner vi temaet godt frå mellom anna Cora Sandels Kranes konditori, om sydama fru Stordal, som spring frå systova til portvinsgløymsle på kafeen. Tittelpersonen i det britiske samtidsstykket Harper Regan er ikkje sydame, men ho har sanneleg nok å stri med, både i augneblinken og i minnebagasjen.

Konfrontasjon

Harper Regan er ei kvinne på 41 år, med ein for så vidt god jobb, ei tenåringsdotter og ein uføretrygda (?) mann. Det som utløyser krisa for henne, er at ho ikkje får velferdspermisjon for å reise og vitje den døyande far sin. Ho reiser likevel, utan å seie frå, lèt etter seg ein familie i unnatakstilstand, kjem for seint til far sin, som alt er død, og held fram eit par dagar på formålslaus reise, der ho har korte, semiabsurde konfrontasjonar med framande folk – og med mor si. Når ho kjem heim, har ho fått ut mykje gørr og kan snakke opnare med dei næraste enn før. Men stykket har likevel ikkje nokon eintydig lukkeleg slutt.

Skodespelet har alt frå fyrste augneblinken ein lågmælt, ironisk humor på overflata av ein psykisk desperasjon, og problema som har tårna seg opp for desse menneska, får vi servert i jamne porsjonar utover i handlinga. Nøkkelkonflikten ligg i at Harpers mann Joseph (Per Egil Aske) har vore mistenkt for pedofil verksemd og mista jobben. Dette har slått sprekkar i Harpers tilhøve til både han, dotter si og hennar eigne foreldre. Men sjølvsagt er ein slik konkret ting berre toppen på eit isfjell.

Kjenslevart

Stramt, intenst og med kjenslevart øyre for humoren har regissør Bjørn Floberg stemt saman eit framifrå skodespelarlag, som ikkje eitt sekund lèt oss sleppe konsentrasjonen. Det kunne freiste å nemne alle, men faktisk er det kvinnene som mest tek logen, frå Marit A. Andreassens smårare sjukesyster, Ellen Horns harde, men sympatiske mor, Rebekka Jynge som den trassige, men flotte dottera, og sjølvsagt Ågot Sendstad i tittelrolla, overtydande og «heil ved» i alle svingingar og hjørne av erkjenningsreisa til Harper.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement