Teater

Dommedag over seg sjølv

Den britisk-norske tolkinga av Ibsens epilog har sår varme og kraft.

Ragnhild Gudbrandsen og Øystein Røger i framsyninga på Coronet Theatre i London.
Ragnhild Gudbrandsen og Øystein Røger i framsyninga på Coronet Theatre i London.
Publisert

Det Norske Ibsenkompaniet er eit føretak, initiert av Kåre Conradi, som tek sikte på samarbeidsproduksjonar av Ibsens skodespel, med norske og engelske krefter, for publikum i både Noreg og utlandet. Den no aktuelle oppsetjinga av Når vi døde våkner har vekt stor åtgaum i London og er no på noregsturné.

Denne veka fekk vi sjå framsyninga på Ibsen Museum & Teater. Det var eit vakkert og reinlinja møte med denne Ibsens sluttstrek, som er så urtypisk Ibsen og samstundes slett ikkje det; det har ein pil retta mot symbolismen, av garde frå den stadbundne realismen. Men kjærleikssviket og livsløgna står framleis som beresøyler i diktarærendet.

Historia om kunstnaren som har ofra alt – kjærleik, vennskap, familieliv – på karrierens alter, er trudd til å vere det næraste Ibsen kom til ein sjølvbiografi. Og bilethoggaren Rubek har mellom anna gjort livet surt for båe kvinnene i livet sitt, den unge kjærleiken han sveik – og seinare den livsglade unge hustrua.

I Kjetil Bang-Hansens regi har skodespelarane funne eit spennande balansepunkt mellom resignasjon og opprør. Øystein Røger som Rubek byrjar som ein lettare kynisk eldre levemann og går stillsamt i oppløysing i konfrontasjon med fortida si. Ragnhild Gudbrandsen som Irene, kvinna han sveik, kjem som ein tikkande bombe av ei hemngudinne, eit grensepsykotisk menneskevrak, men enno skarp og klårtsjåande. Og som fru Maja, som kjenner seg forsmådd, men enno er svolten på livet, har Kikki Stormo spontan varme, også i samspel med den virile bjørnejegeren (Eric Todd). (Scenane med han blir spelt på engelsk, og engelske tekstar blir synte på bakveggen gjennom heile stykket.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement