JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Dokumenterte augevitneskildringar

Ingar Sletten Kolloen har ein ambisjon som blir umogeleg å fylle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5349
20191101
5349
20191101

Sakprosa

Ingar Sletten Kolloen:

Under krigen. Vi må ikke falle

Gyldendal

Uttrykket «under krigen» har ein særeigen klang i Noreg og ber i seg noko dramatisk og heilt utanom det vanlege, der nordmenn blei stilte overfor uvanlege situasjonar og val som kunne vise seg å ha livsavgjerande konsekvensar. Slik sett er Under krigen eit godt tittelval på eit verk som har ambisjon om «å gi en mest mulig fasettert framstilling av det norske folks liv under krigen», slik Ingar Sletten Kolloen skriv i etterordet til første bind av det nye storverket. Forfattarens hovudgrep er å gje ei kronologisk framstilling av krigsåra basert på augevitneskildringar, henta frå trykte kjelder som memoarbøker, aviser og dagbøker.

Eit godt grep

Dette er eit godt grep. Særleg der Kolloen klarer å vise korleis til dømes felttoget i 1940 vart opplevd av kvinner, barn og andre som sjeldan opptrer i krigshistoriske framstillingar, evnar forfattaren å fylle ut bildet av kva desse dramatiske dagane faktisk innebar for datidas norske befolkning. Her finn vi blant anna forteljinga om eit søskenpar i Drøbak som må takla synet av moras kropp på kjøkkengolvet, delt i to av eit skot frå «Blücher», og historia om elleve år gamle Ingerd Rykke, den siste gjenlevande av familien på fem som til fånyttes hadde søkt tilflukt i fjøset på garden i grenda Palmafoss ved Vossavangen da dei tyske bombene fall. «’Eg vil døy! Eg vil døy!’», kviskra ho hest, mens hjelpemannskapa prøvde å lindre smertene hennar, fram til ho fekk ønsket sitt oppfylt.

Særleg i vekslinga mellom det storpolitiske og det personlege er det mykje interessant å finna i Kolloens verk, også for den som er godt kjend med litteraturen om emnet frå før. Samstundes gjer ambisjonsnivået at forfattaren prøver å nå over svært mykje i løpet av litt over 400 boksider. Som Kolloen skriv, er intensjonen med verket «å bringe leserne nær mange nok mennesker fra den gang til å forstå bedre hvilke situasjoner og dilemmaer krigstiden stilte dem overfor, valgene de tok og hvilke konsekvenser disse fikk for dem selv og for andre».

Høg ambisjon

Strengt tatt må det kunne seiast at denne ambisjonen er og blir umogeleg å oppfylle. Trass i at forfattaren skal ha ros for satsen, gjer dette at første bind i verket tidvis kan opplevast som noko heseblesande, ettersom det er såpass mykje dramatikk og så mange vanskelege val tatt av ei stor mengd personar som skal dekkje nettopp det første krigsåret. Litt for ofte saknar ein derfor ein enda større vilje til blant anna å gå sentrale avgjerdstakarar inn på klinga. Sjølv om Kolloen på ingen måte er nokon ukritisk lesar, kunne han gjerne enda oftare stilt dei ulike personframstillingane opp mot kvarandre, ikkje nødvendigvis for å avgjere kven som hadde rett, men for på den måten betre å oppfylle verkets uttalte ambisjon.

Dette gjeld tidvis også skildringane frå felttoget. Eit døme er Svein Blindheims forteljing frå slaget ved Fossum bru utanfor Askim, der Kolloen lèt Blindheims kritikk av den lokale militære leiinga få stå relativt uimotsagd. Her, og andre stadar, kunne Kolloen med fordel i større grad ha sett enkeltdeltakarars forteljingar opp mot til dømes verket Krigen i Norge 1940, utgitt av Forsvarets krigshistoriske avdeling på 1950- og 60-talet, som gjorde bruk av deltakarskildringar samla inn under okkupasjonen i kombinasjon med eit overordna militærhistorisk perspektiv.

Tapte nyansar

I lesinga av Kolloens bok tar ein seg nemleg ofte i å ønske at dei personlege forteljingane i større grad kortfatta hadde gått i dialog med den rikhaldige faglitteraturen om krigen i Noreg. På den måten kunne ein ha fått enda betre fram kor kaotisk situasjonen blei opplevd av enkeltmennesket, kor lite oversikt den enkelte som regel hadde, kor heltemodig mange likevel opptredde – i likskap med Blindheim også til dømes i den militære leiinga under forsvaret av Østfold, noko som ikkje kjem fram i Blindheims (og dermed heller ikkje Kolloens) framstilling.

Iblant fører Kolloens tilnærming også til at viktige nyanser går tapt, til dømes når han nyttar Quislings privatsekretær som sanningsvitne på at mange direktørar som ikkje hadde ønskt å ha noko med NS eller Quisling å gjere, plutseleg baud over kvarandre for å få oppdrag for tyskarane. At det norske økonomiske samarbeidet med den tyske okkupasjonsmakta var svært omfattande, er eit mindre omtalt emne i norsk historieskriving om krigen, og også noko ein sjølvsagt kan meine mykje om, men korfor skjedde det? Ein del bedriftseigarar høyrde sikkert til det Kolloen omtalar som «Oslo-klikken av direktører, embetsmenn og politikere» som aktivt søkte samarbeid med okkupasjonsmakta, men korfor enda også næringsdrivande, som avgjort var motstandarar av tyskarane, opp med å utføre arbeid til deira fordel? Kva handlingsrom hadde den einskilde, og korleis skilde dei ulike situasjonane der samarbeid blei inngått, seg frå kvarandre?

Slike spørsmål evnar Kolloen i litt for liten grad å gje svar på, og det vil truleg vere ein fordel for verket han har satt seg mål om å skrive, viss han i aukande grad stiller dei i kommande bind.

Torgeir Ekerholt
Sæveraas

Torgeir Ekerholt Sæveraas er historikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Særleg i vekslinga mellom det storpolitiske og det personlege er det mykje interessant å finna i Kolloens verk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis