Det nynorske urtemaet

«Det nynorske i det nordiske» var tema for samtalen i Salen i Aasen-tunet laurdag 9. juni, der litteraturhistorikar Jan Inge Sørbø og litteraturkritikarane Marta Norheim og Eivind Myklebust diskuterte sjølve urtemaet i nynorsklitteraturen: Det å flytta frå bygda og inn til byen. Sørbø skildra korleis nynorskforfattarane skriv seg opp mot ei anna klassikarrekkje enn bokmålskollegaane deira.
Forteljinga om bondestudenten går igjen. Men det er ikkje slik at protagonisten Daniel Braut i Arne Garborgs Bondestudentar (1883) stadig blir reprodusert. Bondestudenten endrar seg heile tida, og alle store forfattarar i litteratursoga som tek den grunnforteljinga opp, gjer noko nytt med henne: hjå den eine er byen god, hjå den andre vond, og det same gjeld for bygda. I nyare tid blir ulikskapen mellom by og land mindre markant, og den internasjonale felleskulturen blir viktigare, til dømes hjå Ragnar Hovland, meiner Sørbø.
Korleis skal så bondestudenten te seg når han kjem til byen? Norheim siterte her Olaug Nilssens roman Vi har så korte armar (2002), der tre moglege strategiar blir skisserte: Den eine er å gjera seg usynleg og lata som ein ikkje finst. Den andre er å gjera seg ekstremt synleg og understreka alle trekka som skil ein frå den vanlege byborgaren. Den tredje er å drikka seg full.