Den vantande samklangenCasper André Lugg skriv lyrikk med både stoff- og biletkraft.DiktCasper André Lugg:
Casper André Lugg skriv lyrikk med både stoff- og biletkraft.
Casper André Lugg har gjeve ut fem diktsamlingar.Casper André Lugg har gjeve ut fem diktsamlingar.
Foto: Tiden Norsk ForlagFoto: Tiden Norsk Forlag
Dikt
I den femte diktboka til Casper André Lugg, med den fine, men kanskje også litt gamalmodige tittelen Tilgi det virkeliges blomstring, er det menneskets manglande samsvar med verda som vert sett i søkjelyset. Menneskelagnaden er problematisk, når det må «være i verden og ikke av verden», som det heiter i avslutningslina i boka.
Økopoesien peikar òg på eit manglande samsvar mellom menneskas industrielle og teknologiske utvikling og øydelegginga av omverda. Sjølv om det finst ei tilsvarande rørsle i Luggs lyrikk, kastar han òg lesaren inn i ein religiøs samanheng der mennesket har opphav og heimstamn utanfor verda. Noko som igjen kan sjåast på som årsaka til det uavklara tilhøvet mennesket har til naturen. Samstundes verkar dikta å søkje mot mystikken, til ein eg-laus veretilstand: «jeg hegner om smerten i å være / ved sentrum av noe utenfor meg selv».
Samanstillingar
Dikta er ordna i ti såkalla samanstillingar, eit uttrykk for at noko som ikkje høyrer saman, vert plassert saman. Den skarpe åtskiljinga finst i bøna, i diktet og i skrifta, fordi dei hermar verda og inkorporerer ei anna verd, men likevel finst det i desse litterære formene ei sans for det røynlege: «det er lytt mellom diktet og verden». Og ein skal, slik tittelen på boka seier, tilgi, bere over med den vantande samklangen.
I dette spennet faldar Casper André Luggs bilete og stuttforma dikt seg ut. Verdsfornektinga blir sett på prøve, slik Orfeus gjorde då han på vegen opp frå dødsriket, trass alle åtvaringar, snudde seg mot Eurydike, slik at ho atter måtte returnere til dødsriket: «jeget vikles inn i verden / som rester av gress og løv i en lys ulltråd». Diktspråket har den eigenskapen at det i biletspråket sitt vender seg mot og syner til verda: «jeg våkner i din stemme».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.