Bok

Den tapte soga

I denne boka vert vage førestillingar snudd til ei oppdagarferd.

Publisert

Gjennom skulegangen har dei fleste oppfatninga om at reformasjonen var då det norske folket velta det katolske åket or ryggen. Laugeruds bok syner det stikk motsette: Reformasjonen vart gjennomført med vald og makt mot eit folk som overalt sette seg opp imot nyordninga så lenge dei makta.

Reformer var på gang i kyrkja tidlegare. Men det store skiftet som reformasjonen gav, vart ei gedigen maktforskyving vekk frå overnasjonale storleikar. Den katolske kyrkja hadde, med innføringa av skriftkunne og regulerte ordningar for overdraging av rettar og eigedom, klart å organisere eit svært europeisk område vekk frå borgarkrigar, der folk etter folk aksepterte lov- og kontraktsregulering. Med reformasjonen braut dette systemet saman, og jamvel det tysk-romerske riket delte seg i mange fyrstedømme. Den framvoksande borgarskapen og adelen fann under statskyrkjeleg vern alliansar med fyrstar og meir og mindre mektige kongar.

Uro og ufred

Resultatet vart uro og ufred, såleis Trettiårskrigen 1618–1648. Men alt lenge før var det i mange av dei protestantiske landa stor uro og borgarkrigaktige tilstandar. Det galdt i langt større grad også Danmark–Noreg enn vi har vilja akseptere.

Her er mange nytolkingar om makttilhøve og sosial utvikling; likevel vil nok mange, som eg, meine at det mest spennande ligg i at folkelege reaksjonar og folkekulturen endeleg kjem i forgrunnen. Det norske samfunnet var ikkje utarma, i oppløysing og med ulmande konfliktar i 1536. I dette stabile samfunnet vart det såleis omfattande protestar mot utskiftinga av prestar, mot utreinskingane av kyrkjeutsmykking og fjerning av sidealter, og fleire stader kom det til prestedrap – jamvel i kyrkja.

Lesaren vert fort fanga i forteljinga om kreftene som vert konfronterte og skaper så mange konfliktar. Reformasjonen skapte ei mengd nye problem, og det måtte jo blodig makt til for å drive erkebisp Olav Engelbrektsson og tilhengjarane hans ut or landet. Likevel varte katolske skikkar lenge ved i kyrkjene; konverterte prestar dreiv gamle praksisar vidare, og det kom jamt til kryptokatolikkar i høgre samfunnslag. Truande valfarta til stader med særskilde kultgjenstandar, så som krusifikset i Røldal stavkyrkje. Der er dokumentert pilegrimsvandringar heilt fram til om lag 1850, men i løynd dei siste tiåra. Slikt var jo avgudsdyrking for lutheranarane. Nett idet katolikkane atter får fri tilgang til riket, sloknar dei siste restane av den tradisjonelle, førlutherske kristendommen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement