Den skøyre sivilisasjonen

Medusas flåte er ein underhaldande roman om mennesket i ekstreme situasjonar.

Franzobel, som eigentleg heiter Franz Stefan Griebl, debuterte i 1992 og har skrive nærare 50 verk.
Franzobel, som eigentleg heiter Franz Stefan Griebl, debuterte i 1992 og har skrive nærare 50 verk.
Publisert

Lite av det me har å hjelpa oss med i kvardagen, er slikt som me sjølve kan laga frå grunnen. Steinalderen er ikkje langt unna for den som mister kontakten med omverda. Og korleis står det til med humaniteten når kampen for eksistensen hardnar til? Noko av svaret på dette kan ein mellom anna finna i romanen Medusas flåte av den tyske forfattaren som kallar seg Franzobel.

Faktisk hending

Boka tek utgangspunkt i ei faktisk hending. Den franske fregatten «Medusa» forliste på ein sandbanke utanfor Vest-Afrika sommaren 1816. Om bord var passasjerar og soldatar som skulle til den vestafrikanske byen Saint-Louis. Nokre kom seg unna i livbåtar, somme vart att på vraket og 147 personar freista å redda seg på ein flåte. Av desse var det berre 15 att etter 13 dagar, då dei vart berga av briggen «Argus».

Romanen tek til med denne berginga, og lesaren forstår fort at Franzobel er ein forteljar som likar å ta kraftig i, for om skildringa av tilstanden til dei overlevande er noko i nærleiken av sanninga, må dei alle ha hatt stoffskifte som ein vedomn med full trekk i orkan, dei var skinnmagre og elendige.

Kor som er skriv Franzobel underhaldande og velinformert om hendinga, boka har eit stort persongalleri, og mange av dei viktige aktørane i handlinga er skildra med saftig språk. Diverre er dei også skildra særs stereotypt, alt frå sjøulken med obligatorisk papegøye til jøden som heile tida gjer merksam på at han er jøde, og alltid, utan unnatak, krydrar replikkane sine med fem–seks vendingar på jiddisch, stort sett dei same kvar gong. Her er det få sympatiske personar, og mest usympatiske er dei stygge, som den uappetittlege kokken og den motbydelege assistenten hans, eller den ekstremt egosentriske kona til ein guvernør, ho består, etter det forfattaren seier, berre av rynker og valkar. Ho får dessutan ein sjømann piska til døde av di han har banna. Vald er det i det heile svært mykje av i boka, etter kvart også drap og kannibalisme. Her er det få som legg band på seg, særleg etter forliset, men sanneleg driv dei styggaste med god tørrtrening i barbari også før den tid.

Anakronismar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement