Film
Den gamle skulen
Åttiåringen Marco Bellocchio vann det meste på David-utdelinga i helga med ein heilstøypt mafiafilm.
Marco Bellocchio har laga eit nytt mafiakrimdrama.
Billete frå traileren.
I den lange lina med spelefilmar, dokumentarfilmar og seriar om sicilianske Cosa nostra er Tommaso Buscetta (Favino) som regel ein perifer figur. I ein mafiasjanger prega av «fetisjering» vekkjer han lite sympati. Tystaren er ein trist figur. Frå ringreven Bellocchio får vi no forteljinga til den første store capoen som song til salige dommar Giovanni Falcone og braut omertà.
Hemnaren
Tommaso Buscetta budde i Brasil tidlig på åttitalet og var kjend som bossen av to verder. Samstundes var Palermo eit blodbad der både broren og to søner strauk med. Buscetta ville ha hemn. I 1984 blei han levert til Italia, der Falcone fekk han i tale. Tid og stad kjem støtt på skjermen med detaljar frå den sanne historia.
The Traitor er mørk, melodramatisk og tek seg tid. Etter glimt av glamour i Rio de Janeiro og skothagl i Italia legg filmen vekt på han som snakkar, tenker og har mareritt med rot i røynda. Pierfrancesco Favino er stødig i hovudrolla. Nokre andre mafiosi glimrar, og Luigi Lo Cascio slo sjølve Roberto Benigni under David di Donatello-prisutdelinga med ei herleg birolle. Musikken, av Nicola Piovani, som nærmar seg to hundre filmar på CV-en og vann Oscar for Livet er herlig (1997), er stundom effektfull.
Retten
Samtalane mellom Falcone og Buscetta er spennande, men stutte. Sexscenene verkar mindre motiverte, men får fram damefuten og skil slik Buscetta frå den blodtørste capo dei capi, Totò Riina. Det kjekkaste er scenene frå rettssalen. Dei lagar eit salig sirkus. «Hanrei» og andre historiske skjellsord haglar. I dei juridisk rare kryssforhøra er manus og skodespelet på sitt beste, utan glatt perfeksjon, som når ingen forstår Totuccio Contorno (Lo Cascio), som ikkje kan italiensk, berre siciliansk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.