Film
Demensteateret
I ein stødig film om demens er skodespelet både den store styrken og eit sentralt tema.
Jessica Lange spelar Broadway-legenda Lillian Hall som byrjar å miste minnet. Pierce Brosnan spelar naboen Ty.
Foto: Another World Entertainment
Skodespelaren Lillian Hall (Lange) er ei superstjerne på Broadway. Snart er det premiere på Kirsebærhagen av Anton Tsjekhov, regissert av den talentfulle regissøren David (Williams). Teateret er alt for Lillian. Det kjenner dottera Margaret (Rabe).
Heime tek assistenten Edith (Bates) seg av Lillian, som om kveldane pratar med naboen Ty (Brosnan) på balkongen med utsikt over New York. Øvingane går trått. Lillian tutlar. Replikkane glepp, og ho er ustø. Alle er uroa.
Sjukdomen
Manuset er skrive av Elisabeth Seldes Annacone, basert på tanta hennar, skodespelaren Marian Seldes. Ho veit altså ein del om temaet. Demens med Lewy-lekamar kombinerer symptom frå Alzheimers og Parkinsons sjukdom. Det er tungt.
I eit intervju i svart-kvitt drøftar Lillian sanning, løgn og illusjonskunsten som speglar røynda. Lillian spelar på scena og privat. Alt er replikkar. Ho lirar av seg frå verk som En sporvogn til begjær av Tennessee Williams. Ho freistar halde oppe fasaden. Når noko går skeis på scena, viser ho til kunnskapen sin om undertekst og Stanislavskij. Ho forsvarar vakling med hersketeknikk. Tankar fyk til Sunset Boulevard (1950) av Billy Wilder.
Fleire legender leverer flotte roller i The Great Lillian Hall. Jessica Lange i hovudrolla skil seg ut med ei utfordrande rolle som osar Oscar-frieri. Kathy Bates og Pierce Brosnan er sjåverdige. Det er ikkje første gongen ho er bestemt eller han er kjekkas, men dei gjer det med sjarm. Dei eldste er eldst, men Lily Rabe gjer òg ei sterk rolle med kjenslene utanpå huda som dottera Margaret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.