Bok

Dei kjenslevare og dei utilstrekkelege

Britt Karin Larsen byr på riss frå røynda i landskap der moralske forteikn er påliteleg ustabile.

Britt Karin Larsen har skrive mange bøker, men debuterer som novelleforfattar i haust.
Britt Karin Larsen har skrive mange bøker, men debuterer som novelleforfattar i haust.
Publisert

Britt Karin Larsen er ein forfattar som meistrar det største formatet med bravur, noko mellom anna den store serien med tjukke romanar frå Finnskogen er eit prov på. No kjem ho med ei tynn bok med stutte forteljingar, ein overgang som kan få somme grinebitarar til å tenkja at det gjekk med så mykje trevirke til finnskogbøkene at Finnskogen vart snauhogd, slik at det ikkje er meir å skriva om eller på der, anna enn litt flis og kvist til nokre små noveller. Ja, desse grinebitarane!

Skisser og riss

Forteljingane er stundom stutte skisser og riss frå kvardagslege hendingar, og nokre gonger kan ein sjå dei som kapittel frå uskrivne romanar. Her florerer det med einebuarar, så mange at dei kunne ha danna ein mektig klubb dersom dei visste om kvarandre. Dei er også einslege i tida, dei lever i dette hundreåret, men høyrer ikkje heime i det. Somme av dei kan ha ei dramatisk fortid, andre får ei tragisk framtid, og notida er ikkje så mykje å ropa hurra for heller. Men her er òg døme på kjenslevare personar som er einslege og stundom desperate av di dei vert ignorerte av utilstrekkelege føresette.

Ein kjenner att Larsen i dette – og i eit anna særdrag, nemleg at det gode oftast er å finna hjå dei ressurssvake. Utskota råkar etisk blink, medan dei andre sit attende med innskot og lite anna. Eit døme på dette er teksten «Idioten», der ein dødsannonse syner at det har gått overraskande bra med ein gut som fekk ein vanskeleg start i livet. Her finn ein dessutan nokre saftige replikkar på dialekt, som denne, då guten får høyra dette frå mor si: «Je skær jaga dæ så mækka skvætter tur ræva på dæ!» Me får tru at dei mjuke ord til hjarta gjekk, for han fekk eit strålande ettermæle som temmeleg brått avsluttar teksten.

I forteljinga «En varm dag» kan lesaren kjenna seg klok og skarp av di han eller ho fort forstår føresetnadene betre enn forteljaren, ei jente som vart skadd i ei ulukke. Ho er uskuldsrein og naiv, medan dei som har tilsyn med henne, pleiarane Rune og Rita, som korkje er sysken eller kjærastar, men kristne og gifte på kvar sin kant, har sine svin på skogen, og dei har dei i lag. Men mot slutten kjem dette så tydeleg fram at lesaren ottast at også andre skal forstå dette, og gjera han mindre unik. Med andre ord: Sjølv om Larsen i desse korte tekstane seier lite, seier ho stundom litt for mykje.

Føreseieleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement