Teater

«Brenn ho! Brenn ho!»

Hekseringen byr på eventyr og magi for store og små – med store og små.

På Moster får du sjå ei familieframsyning med humor, spenning, dans, song, flammar, fyrverkeri og høge smell.
På Moster får du sjå ei familieframsyning med humor, spenning, dans, song, flammar, fyrverkeri og høge smell.
Publisert

Det vakre Moster Amfi er som skapt for ei framsyning som denne – i ei nedlagd marmorgruve. Tek du turen gjennom ein om lag 150 meter lang gruvegang, der det tidlegare har vore henta ut kalkstein, kjem du rett inn i amfiet – etter først å ha utsett deg for ymse skremsel i form av små hekser og trollmenn, kanskje også bøddelen sjølv.

Familiemusikalen Hekseringen tek oss tilbake til Bergen anno 1665, ei tid med heksejakt og heksebrenning og frykt blant folk – ei frykt somme maktpersonar visste å spele på og forsterke. Denne historia dreier seg ikkje om den mest vidgjetne av alle norske «hekser», Anne Pedersdotter, men ei fiktiv bestemor («Besta», spelt at Monica Kloster), som rett nok er heks, men av det slaget som har evna til å lækje og gjere godt.

Då ho blir arrestert og skal ende sine dagar på bålet, er det dotterdottera Kristina (Ronja Evina Haugen) og vennen hennar, Peder, (Adrian Tveita-Larsen) som må i aksjon for å freiste å redde henne frå flammene.

Den episodiske hovudhistoria er noko tynn, og stundom blir det i meste laget med løye og komiske påfunn. Det går utover framdrifta, men store, godt koreograferte masseopptrinn og vakre tablå syter for dynamikk og rørsle. Og når klokka går mot midnatt og natta langsamt senkar seg over Moster Amfi, er det som om trollskapen grip tak i oss alle. Farlege flammar og pyroteknikk, mellom annna ein brennande kross på bergveggen, forsterkar inntrykket.

Framsyninga får fint fram kor lett det er å suggerere massane når tilhøva ligg til rette for det, især i ei tid med frykt for det som er annleis. Då lyder eit taktfast «Brenn ho! Brenn ho!».

Ein forteljar (Nina Meldahl Olsen) opptrer med stor scenisk tryggleik og bind scenene saman. Ho beveger seg høgt og lågt på arenaen. Som dagleg leiar av Moster Amfi er ho på heimebane. Synge kan ho òg. Men den røysta som hevar seg over alle andre, eig Monica Kloster. Ho har rett nok inga røynsle som musikalartist, men heilt framand for song- og musikklivet er ho ikkje. Også forfattaren og musikaren Anders Totland gjer ein fin innsats som nattmann, og Stian Tønder, kjent frå den lokale revyscena, skaper ein biskop så slu og djevelsk som han skal vere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement