Bok

Verdig og god Drillo-biografi

I biografien om Drillo opplever vi gamle fotballdrama om igjen og skjønar meir av det som skjedde. Tidvis er det ein lesefest. Men kor fæl var i grunnen Flo-pasninga?

Egil «Drillo» Olsen jublar saman med Øyvind Leonhardsen (til venstre) og Jostein Flo etter 2–1-sigeren over Brasil i VM i 1998. Biografien til Alfred Fidjestøl er ei verdig og stilsikker framstilling av livet til Olsen, meiner meldaren.
Egil «Drillo» Olsen jublar saman med Øyvind Leonhardsen (til venstre) og Jostein Flo etter 2–1-sigeren over Brasil i VM i 1998. Biografien til Alfred Fidjestøl er ei verdig og stilsikker framstilling av livet til Olsen, meiner meldaren.
Publisert

Då Noreg slo Brasil i fotball-VM i 1998 og dermed gjekk vidare til åttedelsfinalen, var eg på gutetur på Bømlo. I augekroken observerte eg to–tre minutt før slutt at han eine av oss hadde hive seg bak sofaen. TV-bileta vart for dramatiske. Så var det ut i jonsokkvelden for å bidra til det kollektive nasjonale jubelbruset, frå nokre fjellknausar på Bømlo, omgjevne av upåverka sauer. Bønda ifrå nord, avdeling Bømlo. No har mannen bak det norske fotballeventyret fått ein biografi som er han verdig.

Medrivande skrivestil

Biograf Alfred Fidjestøl skildrar korleis Brasil-spelarane lét seg provosere av Drillo under opptakten til kampen mot Noreg i Marseille. I sin vanlege brutalt ærlege stil hadde Drillo sagt til verdspressa at Brasil ville vore endå betre med han som trenar. Då Brasil oppskriftsmessig gjekk opp i leiinga, sprang Dunga, kapteinen, bort til Drillo på trenarbenken og viste tydeleg kva han meinte. Fidjestøl avsluttar kapittelet slik:

«Dungas gest var en fortjent korreksjon etter åtte års sammenhengende unntakstilstand for norsk fotball. Verden falt tilbake på plass.

Det var bare en ting. Det var fortsatt 12 minutter igjen av kampen.»

Slik vert kapittel 17 i boka avslutta som ei perfekt oppbygging til det neste kapittelet, «12 minutter». Som lesar vert ein riven med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement