JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vedunderbarnet

Michael Mauls tospråklege biografi skaper eit fasettrikt bilete av J.S. Bach og hans tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Musikaren i genial positur, med stikkande blikk og frisyre som ei rockestjerne. Men syner dette portrettet, måla av ein ukjend kunstnar kring år 1700, verkeleg den unge Bach?

Foto: Bach-Archiv Leipzig

12270
20240105
12270
20240105

Biletbiografi

Michael Maul:

Bach. Eine Bildbiographie / A Pictorial Biography

Lehmstedt Verlag 2022

Når ein arbeider med ein historisk person over mange år, blir det gjerne slik at ein føler ein kjenner han. Slik har eg det med Johann Sebastian Bach (1685–1750), som har vore del av kvardagen min som musikar og musikkforskar i snart 25 år. Eg er ikkje åleine om dette. Med jamne mellomrom, på festivalar, føredrag og konsertar, treffer eg andre kjenningar av dette mennesket som døydde for over 250 år sidan.

Dei drygt tusen komposisjonane han etterlét seg, er sjølvsagt hovudkjelda til kjennskapen. Samstundes bør ein akta seg for å oppfatta musikken som uttrykk for dei personlege kjenslene hans. Bach levde i barokken, og med sin regelbundne og symbolmetta kunst var han på sett og vis ein fullbyrdar av den matematisk funderte musikktradisjonen frå mellomalderen.

Samstundes var han ein musikalsk retorikar. Når han komponerte, greip han frå si velassorterte retoriske verktøykasse med standardiserte melodiske og harmoniske figurar som skulle vekkja kjensler i lyttaren. Den som trur at Bach var trist når han skreiv sorgsam musikk, og glad når han skeiv den muntre, overfører difor vår tids romantisk prega kunst- og kunstnarsyn på mannen. Han komponerte høvande musikk til den aktuelle samanhengen, anten det galt åremålskantatar til fyrstar eller pasjonsmusikk til langfredag. Den som greidde slikt, blei rekna som dugande kunstnar den gongen. Kva komponisten følte, brydde ingen seg om.

Eitt portrett

Bach-biografar har det ikkje lett. Reinskar me bort mytar og anekdotar og samanfattar kva me faktisk veit om mannen, syner kjeldegrunnlaget seg uvanleg tynt. Bachs ven og kollega Telemann, til dømes, skreiv personlege dikt og tre sjølvbiografiar. Bach, derimot, etterlét seg mest ingen skriftlege ytringar som gjev innblikk i det indre livet hans.

Menneska kring han skreiv òg sjeldan om han – om korleis han komponerte, musiserte, dirigerte og underviste. Og når det gjeld korleis han såg ut, eksisterer det berre eitt påliteleg portrett som heilt sikkert syner dette.

Eige Bach-bilete

Å gje ut ein biletbiografi om Bach er difor litt av ei utfordring. Den tyske Bach-forskaren Michel Maul har teke denne utfordringa. Som han skriv i føreordet, var han tvinga til ta utgangspunkt i det som faktisk finst av relikt frå Bachs virke: musikkhandskrift, tenestedokument, bilete av bygningar og rom der han levde og arbeidde, av musikkinstrument han musiserte med, og måleri av dei han omgjekst.

Fører ein desse materiala saman til ein slags mosaikk, trer eit bilete av ein personlegdom fram. Men sjølv om dette biletet har klåre grunndrag, er det framleis berre er ein silhuett. Maul har sett det som si oppgåve å fylla dei mange kvite flekkene med fargar og nyansar, for slik å skapa seg sitt eige Bach-bilete.

Trøffelsvin

Lat det vera sagt med det same: Maul har lukkast. Boka hans er både velskriven og ein pryd for auga. Få andre har då òg like gode føresetnader: Som framleis relativt ung vitskapsmann (fødd i 1978) har han alt tilført Bach-forskinga mykje nytt. Som den fyrste på 70 år har han oppdaga eit ukjent vokalstykke av Bach, og identifisert dei eldste notehandskriftene hans – faksimilar er sjølvsagt med i boka.

Han er elles intendant (direktør) for Bachfest Leipzig og har eige radioprogram og podkast om Bach. Røynsla som formidlar merkar ein på den poengterte og stundom humoristiske måten han skriv på. Humoren er elles typisk for heimbyen hans, Leipzig, der dei kallar han unser Trüffelschwein, «trøffelsvinet vårt» – av di han er så god til å snusa opp godbitar frå arkiva.

Mange bachar små

Boka er tospråkleg, med 141 bilete som er kronologisk ordna. Slår ein opp, står det aktuelle biletet på heile den høgre sida, medan den venstre sida har to spalter med tekst, den eine på tysk, den andre på engelsk, i tillegg til ein kort bilettekst med kjeldeopplysingar. Både papir- og biletkvaliteten er ypparleg.

Ein treng ikkje vita mykje om Bachs liv på førehand for å ha utbyte av boka. Ho byrjar med Bachs bakgrunn, med den klanen av «bachar» han sprang ut or. Stamfaren Veit Bach var lutheranar som flykta frå motreformasjonen i Böhmen eller Ungarn på 1500-talet og slo seg ned som luttspelande bakar og møllar i Thüringen midt i Tyskland.

Talentet gjekk i arv, og snart hadde Bach-familien praktisk talt monopol på viktige musikarstillingar i denne delen av Tyskland, der ein nytta «bach» synonymt med «musikar». Johann Sebastian var stolt av ætta. På eit slektstre som han teikna i 1735, er han éin av seksten greiner i sin generasjon.

Måneskinshistorie

Bach blei fødd i Eisenach i 1685, der faren Johann Ambrosius var hoff- og stadsmusikant. Farens portrett er bevart, og etter kroppsforma hans å døma ser bakargena her ut til å ha slått til. Han figurerer i japansk kimono, som faktisk var populær den gongen, og i vindauga bak han skimtar me borga Wartburg, Eisenachs kjennemerke, der Luther omsette nytestamentet frå gresk til tysk.

Bachs unge liv endra seg brått då han som niåring miste mora, og ti månader seinare faren. Hjå broren Johann Christoph, som var organist i Ohrdruf nokre mil unna, fann han ei trygg hamn i fem år. Ein anekdote om denne tida, som han skal ha fortalt barna sine, går slik:

Johann Christoph var læraren hans i klaverspel. Denne åtte eit notehefte med verk av den tids største meistrar, men Johann Sebastian fekk ikkje spela frå det. Notane var innelåste i eit gitterskap, og om natta sneik ungen seg or senga og greidde med sine små hender å få tak i noteheftet, som han rulla saman og lirka ut gjennom gitteret. Han byrja å skriva av musikkstykka dei nettene det var månelyst (talgljos ville ha avslørt han), og etter seks månesyklusar var den handskrivne tjuvkopien ferdig.

Men då broren ein dag høyrde at han spelte musikken, reiv han notane brutalt or hendene hans. Som Bachs son seinare skreiv: «Berre tanken på ein gjerrigknark som har mist eit skip frå Peru lasta med hundre tusen dalar, kan gje oss eit levande bilete på den store sorga vår vesle Johann Sebastian kjende etter dette tapet. Noteheftet fekk han ikkje tilbake før broren døydde.»

Vedunderbarn

Desse «måneskinsnotane» er diverre gått tapt, om dei i det heile teke har eksistert, og broren Johann Christoph har fått eit ufortent dårleg rykte på grunn av soga, skriv Maul. Han må trass alt ha vore ein framifrå lærar. Dette vitnar det alt nemnde eldste bevarte notemanuskriptet av Bach om, som kan ha inngått i det tjuvlånte noteheftet. Avskrifta frå kring 1698 er av eit uvanleg vanskeleg orgelstykke, komponert av dansk-tyske Dietrich Buxtehude. At den 13 år gamle Bach kunne hanskast med dette, syner at han var eit vedunderbarn, les me.

Dette manuskriptet er særleg interessant av di det ikkje er skrive med vanlege notar, men notert i såkalla orgeltabulatur, som tek mindre plass på papiret. Melodirørslene i kvar stemme er her skrivne som ei rekkje med bokstavnamn, medan rytmen er indikert med spesielle teikn og gjennom den innbyrdes plasseringa av bokstavane. Dette høyrest komplisert ut – noko det òg er. Det heile verkar som ei hemmeleg kodeskrift, og det er grunnen til at det blei oppdaga så seint. I biblioteket i Weimar var det nemleg arkivert under «munke- og klosterlitteratur». Som hemmelege munkegreier ser det også ut.

Straum av idear

Som 15-åring måtte Bach forlata huset til broren, kanskje av di det blei for fullt. Bachane hadde det nemleg med å få flust med ungar – Bach skulle sjølv få 20. Han drog nokre år på skule i Lüneburg i Nord-Tyskland, før han fekk si fyrste skikkelege stilling, som organist i Arnstadt. Det er frå denne tida (kring 1704) me har det eldste bevarte manuskriptet av eit sjølvkomponert verk (Wie Schön leuchtet der Morgenstern, BWV 739). Den vakre noteskrifta hans er eit kunstverk i seg sjølv. Dei sirlege notehovuda, dei sikre og jamt grupperte notehalsane – finst det ei finare notehandskrift hjå ein komponist?

Som Maul skriv i føreordet, kan dei gulna notemanuskripta ved fyrste augekast sjå ut som berre gammalt papir. Likevel gir dei ved nærare ettersyn eit fascinerande innblikk i skrivestova hans. For som regel blei komposisjonane til i just den augneblinken dei blei feste til papiret, utan skisser på førehand. Men om han måtte venta med å venda arket for at blekket skulle størkna, hende det at han krota ned nokre «stikkord» i margen om framhaldet. Boka syner fleire døme på korleis Bach gjekk fram, korleis han komponerte seg gjennom verka med ein ustoppeleg straum av idear.

Kantateverkstaden

Dei to største enkeltkapitla i boka handlar om Bachs tid som kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig, eit embete han hadde dei siste 27 åra av livet. I den fyrste tida komponerte han her éin ny kantate (som typisk varer i dryge 20 minuttar) kvar sun- og helgedag i kyrkjeåret. Dette er ein prestasjon som vanskeleg kan fattast – ikkje berre kunstnarleg, men også logistisk. Maul skriv om dette, under mottoet «skapa, skriva og spela».

Fyrst måtte kantaten skapast, i form av eit komposisjonspartitur som til slutt også fungerte som dirigentpartitur. Eit partitur inneheld alle stemmene ordna over kvarande. Til dei einskilde instrumentalistane og songarane måtte det difor skrivast eigne stemmer, altså noteark med berre dei relevante notane, som blei kopierte or partituret av ein hovudkopist. Andre, gjerne mindre røynde kopistar, laga så dublettar av kopiane, som det atter blei laga dublettar av. For å unngå fylgjefeil laut Bach kontrollera notane for kvart steg i kopieringsprosessen. Noko av det bevarte stemmematerialet har då òg hans korrekturar, skrivne ned med hastig hand.

Til slutt skulle det spelast. Kantaten blei fyrst innstudert med einskildmusikarane. Den einaste tuttiprøven, der alle medverka, var laurdag ettermiddag – før den offentlege framføringa under høgmessa sundags morgon klokka sju.

Denne prosedyren måtte Bach og hjelparane hans gjennom kvar bidige veke. Men korleis gjekk logistikken opp under dei store kyrkjefestane, då han gjerne måtte komponera og framføra nye kantatar tre dagar på rad? Det er ikkje til å forstå.

Bakfull Bach

Bach var altså eit arbeidsjern av dei få. Men han kunne også ta seg ein skikkeleg fest, særleg under jobbreiser utanbys. Han var ein ettertrakta Orgelprüfer, for når ei kyrkje hadde fått eit nytt og kostesamt orgel, måtte det prøvast av ein fagperson før orgelbyggjaren fekk betalt. Det er bevart kvitteringar for konsumet hans frå slike orgelturar. Mengdene med mat og drykk han då kunne tylla i seg i løpet av éi veke, imponerer. Ei nyss oppdaga «kvittering over fortæringa til herr kapellmeister Bach frå Leipzig» (1725) listar opp eit vekekonsum på «22 kanner moselvin, tobakk, piper, rikeleg brennevin» og «ekstra øl».

På ei anna kvittering (1716) er det ført opp «44 kanner rhinskvin, 4 kanner frankenvin» og «rikeleg med øl». Morgonen etter den største orgelfesten, der ni forskjellege kjøt- og fiskeretter blei fortærte, skulle han så signera for gildet – noko han gjorde med så ustø fjør at etternamnet hans blei til ein svart blekkflekk. Slike trivielle kjelder gjev oss glimt av mennesket bak parykken.

Rockestjerne

Som nemnt finst det berre eitt portrett som heilt sikkert syner Bach. Det blei måla (i to versjonar) av Elias Gottlob Haussmann nokre år før komponisten døydde, og prydar framsida av Mauls bok. Men det finst andre portrett som kan syna han. Det mest interessante av desse dukka opp så seint som i 2016. Dette blei til kring år 1700 og har fylgjande merknad på baksida, skrive med 1700-talsskrift: «Den vidgjetne organisten og orgelbyggjaren Bach, død 28. juli 1750.»

Han me ser, er heilt sikkert organist, for i bakgrunnen blenkjer det i orgelpiper, og i høgrehanda held han eit samanrulla noteark. Han presenterer seg i genial positur, med stikkande blikk og frisyre som ei rockestjerne. Nett slik er det eg førestiller meg den unge Bach, kompromisslaus og sjølvsikker.

Det same gjer Maul. Om dette faktisk er Bach, så utgjer funnet den mest kostesame steinen i Bach-mosaikken hans. «Men», lyt han som vitskapsmann tilføya: «Heilt sikre kan me sjølvsagt ikkje vera.»

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis