Bok
Vårt vanskelege liv
Alice Munros noveller handlar om stort mot og stillferdig opprør.
Alice Munro skriv med stor empati, samstundes som ho er nådelaus i å vise fram urett.
Foto: Derek Shapton
Det kan synast merkeleg i dag, men i 1976 vart ei av Alice Munro (fødd i Canada i 1931) sine noveller beslaglagd av moralske grunnar i hennar eigne heimtrakter. Eit par år seinare skjedde det same med nokre verk av andre forfattarar. Då rykte Munro ut og sa dette: «Writers do have responsibilities – all serious writers make a continual, and painful, and developing effort, to get as close as they can to what they see as reality – the shifting complex reality of human existence».
I novellene syner forfattaren i praksis denne ansvarsbevisste innstillinga til kva litteratur er og bør vere. Kanskje er det difor det kjennes så godt å lese tekstane hennar, dei er på same tid så komplekse at dei alltid overraskar, samstundes som dei er botnsolide. Dei er å likne med godt utførte byggverk: Ein kan gå inn, la seg bli ført rundt, i spenning og undring over kva ein ser og vil møte på. Men ein kan vere trygg på at sjølve bygget ikkje kjem til å rase.
Jenters og kvinners liv
I samlinga Gjester som har kome på Gyldendal i år, får vi 22 noveller frå seks ulike samlingar frå 1968 til 1994, dei fleste gitt ut på norsk tidlegare. Ein god del av dei skildrar eit småbymiljø i Ontario i Canada i åra før, under og etter andre verdskrigen. Ein anar at forfattaren har henta mykje frå eigen oppvekst, som når ho skildrar ein mor/dotter-relasjon som ofte er ambivalent, men aldri ukjærleg. Mange av novellene tematiserer dei fasttømra kjønnsrollene og sosiale hierarkia som miljøet er prega av. Novellene som er henta frå samlinga Lives of Girls and Women høyrer saman i ein syklus som sjangermessig ligg nært opp til romanen.
Munros stil har noko feminint og lett over seg. Setningar og scener glid av stad med eit saumlaust preg, sjølv om det ofte er store sprang i tid og rom. Presisjonsnivået er skyhøgt, biletskapinga original og blotta for det sentimentale. Som her: «Hun hadde mørk hud, ikke akkurat olivenhud, men liksom støvete, sløret, med myntstore brune pigmentflekker, den minnet om den droplete bakken under et tre en solskinnsdag».
Når alt raknar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.