JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vår store ukjende polfarar

Alle kjenner til Nansen og Amundsen, men få kjenner til Jens Munk og dei grufulle tinga han opplevde i isøydet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Teikning som Jens Munk gjorde av overvintringa i Hudson Bay i 1619–20. Ho finst i boka Navigatio Septentrionalis frå 1624.

Illustrasjon: Universitetsbiblioteket i Tromsø / Wikipedia

5034
20210106
5034
20210106

Sakprosa

Irene A. Ellefsen:

Jens Munk. Jakten på Nordvestpassasjen

Humanist forlag

På denne tida i fjor var ikkje Trump eller covid-19 dei store temaa i norske medium, men Børge Ousland og Mike Horn. Dei hadde hamna i vanskar då skipet deira gjekk fast i drivisen i Polhavet. Bergingsaksjonen skapte store overskrifter i media, der omgrepet «polfarar» vart hyppig bruka – eit omgrep med positive, pirrande assosiasjonar. Her var jo nettopp etterfylgjarane til Nansen i aksjon. Eller var det det? Var Ouslund og Horn polfararar i den opphavlege tydinga av ordet?

Kva er eigentleg ein «polfarar»? «Deltager i polarekspedisjon», heiter det i Det Norske Akademis ordbok. Men så er ei andre tyding lagd til: «person (forsker, eventyrer) som tar seg frem til Nord- eller Sydpolen». Mediekjendisane høyrer til den siste kategorien. Ein ukjend polfarar det er større grunn å fordjupe seg i, er Jens Munk (1579–1628). Han høyrer til den fyrste tydinga. Han er kjend for freistnaden på å finne sjøvegen til Kina og India, gjennom Nordvestpassasjen, altså gjennom dagens Canada. Les du om kva Munk kom ut for, misser du munn og mæle. Ousland og Horn kan vi berre gløyme i denne samanhengen. Liketil opplevingane til Nansen og Amundsen blir barnemat i jamføring.

Dauden i isøydet

Munk er tema for ei ny bok: Jens Munk. Jakten på Nordvestpassasjen av Irene A. Ellefsen. Jens Munk var, slik som dei fleste av finare familie i Noreg i denne perioden, av danske røter, men var fødd i Noreg, i Arendal.

Det var ikkje få forventningar til sjøhelten Munk då han i 1619 fekk i oppdrag av kong Kristian 4. å finne Nordvestpassasjen. Munk fekk med seg to skip, begge med mannskap på til saman 67 mann. Men – som sagt – ferda enda i tragedie. Sjømennene måtte overvintre i Hudsonbukta. Då våren kom, var berre tre mann i live. Munk var ein av dei. Dei vart råka av sjømenns verste fiende: skjørbuk.

Ellefsen gjev ei grundig og skakande skildring av tragedien. Vi unner oss eit sitat: «Det var nesten ingen igjen som kunne pleie de syke. Kapteinen selv var kokk og sykepleier. Første april døde nevøen Erik Munk, hans eneste familie om bord. De gravla ham samme dag. Han fikk dele grav med Johan Petersen, annenstyrmannen fra Lamprenen, som hadde dødd dagen før.»

Til slutt er dei tre som er att, så utmatta at dei ikkje maktar gravleggje kameratane sine, som blir liggjande på dekk og på land. Berginga kjem om våren, dei får C-vitamin gjennom røter i jorda som dei så vidt maktar suge på. Det er eit under at dei tre klarar å sigle attende til Danmark.

Sjørøvarar og heltemot

Hovuddelen av Ellefsens bok handlar om tragedien i isøydet. I dei andre delane fortel ho om hendingar i livssoga til Munk som er like dramatisk: eventyrreiser til Portugal og Brasil, og ikkje minst jakta på ein av dei store sjørøvarane i denne tidsperioden, «Nordsjøens skrekk», Jan Mendoza, i 1614.

Ellefsen har ein god, medrivande penn. Somtid har ho ein klisjéfylt skrivemåte, som i «sykdommen kunne ikke kapteinen befale over, den stod over ham i rang og adlød ikke ordre fra noen», men det opplevde eg ikkje som eit stort hinder. Ellefsen er tydelegvis òg meir oppdatert på hamnebyar i Portugal og Brasil, som ho gjev detaljert skildringar av, enn byar i Nederland. Enkhuizen, som ho nemner utan å presentere byen, var ein av Nederlands viktigaste hamnebyar i Dei sameinte Nederlanda eller Den nederlandske republikken – ikkje «Nederlandene» som Ellefsen skriv, for det kan oppfattast som Dei spanske Nederlanda. Ho viser til militærgraden «skoutbynacht», men ordet skal skrivast med «ch», «schoutbynacht».

Nyfunn og feil

Ellefsen har nytta eit solid kjeldemateriale, med nye opplysningar frå både danske og norske bibliotek og arkiv. Det har gjort det mogeleg for henne å korrigere biletet av Munk i tidlegare forsking, særleg biografien til Thorkild Hansen frå 1965. Ho gjev oss mellom anna identiteten til kjøpmannen «Duart Duez» som Munk hadde kontakt med. Ho gjev òg eit nyansert bilete av far til Jens Munk, Erik Munk, som i norsk historie er kjend som «bondeplagar».

Men Ellefsen bommar på eitt punkt. Ho diskuterer om Anna Bartholomeusdatter, mor til Jens Munk, kunne ha vore dotter av Hans Bartskjær i Kolding. Men då ville ho ha hatt «Hansdatter» til etternamn. Ellefsen nemner òg ei rettssak mot ein biskop som var innblanda i «en smudsig Sag angaaende Samleie med Kvinder». Ho kunne ha fortalt at denne biskopen nettopp var den store diktaren Anders Arrebo, som var biskop i Trondheim.

Men slike detaljar held deg ikkje borte frå Jens Munk. Jakten på Nordvestpassasjen. Ellefsen har henta ein av dei store polfararane i norsk og dansk historie fram att. Det gjev større utbytte å lesa om Munks bragder enn om polfararar frå vår tid som skaper kortvarige medieoppslag.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ellefsen har
ein god, med­rivande penn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis