Utruverdig om Undset
Historikarar flest vil neppe gå god for metode og kjeldebruk i denne boka.
Portrett av Sigrid Undset på medaljongen til Anders Svarstad.
Sakprosa
Christine Myrvang:
Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet?
Universitetsforlaget
Forfattaren av Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet? er historikar og professor ved BI ved Institutt for markedsføring og kommunikasjon. Ho gjer eit nummer av at ho ikkje er litteraturforskar; med eit anna fagleg blikk meiner ho å ha sett noko som vi litteraturforskarar ikkje har sett.
Ein kan meine ulikt om kor interessant det er om Sigrid Undset opplevde ein slags uforløyst kjærleik til pennevenninna Dea Edberg da dei båe var unge jenter. Men ein kan visst berre meine éin ting om formålet med å utforske dette spørsmålet, slik det er formulert sist i boka. Christine Myrvang vil rive forbindinga av såret, for «Jeg måtte se hvor den blødende smerten kom fra». Heldigvis, får en seie, lykkast ikkje dette.
Tendensiøs lesing
Myrvangs viktigaste kjelde er Sigrid Undsets brev til Dea i Kjære Dea (1979). Myrvangs «store oppdaging» er at det oppstår eit hol i breva frå Sigrid til Dea då Dea fortel at ho er forlova, og at dette er grunnen til at ei vonbroten Sigrid for ei tid slutta å skrive brev. Men utgjevaren Christianne Undset Svarstad fortel at 16 brev vart fjerna før resten blei overleverte til Nasjonalbiblioteket. Ingen veit når dei vart skrivne.
Litteraturforskarar har kommentert dette før. Men Myrvang er ikkje i tvil om at ho er den einaste som har sett årsaka til dette «holet», nemleg at Sigrids kjensler for Dea var meir enn eit svermerisk venninnetilhøve. Denne «oppdaginga» meiner ho òg kan kaste nytt ljos over forfattarskapet. Ho leiter då fram lesbiske figurar og referansar i alt Sigrid Undsets seinare skreiv, og kartlegg alle vennskap med lesbiske kvinner.
Det er neppe tvil om at dei to jentene hadde eit tett, fortruleg forhold. At dei òg skreiv om lengt etter fysisk nærleik, betyr ikkje utan vidare at dei hadde lesbisk-erotiske ønske; det var, som Myrvang òg skriv, ein konvensjon den gongen, men denne innsikta får inga vekt her. Ho ser òg at ein så intim korrespondanse oftast tek slutt når den eine giftar seg, men ho underspelar også det. Samstundes som ho konkluderer med at ho ikkje er oppteken av å «tvinge» Sigrid Undset «inn i en kategori» som bifil, for Myrvang vil ikkje nekte for at samlivet med Anders Svarstad var lykkeleg i dei første åra, undergrev ho denne konklusjonen ved å presse tekstane meir enn dei toler. Dei lange parafrasane av Sigrid Undsets bøker har ikkje noko klart poeng, ut over indirekte å stø oppunder ideen om at ho eigentleg/også elska (ei) kvinne(r).
Og når Myrvang skriv om venninnene frå New York-åra, trekkjer ho fram dei lesbiske, som forfattaren Willa Cather. Men les ein korrespondansen mellom henne og Sigrid Undset (attgjeven her), er det den gjensidige gleda over å ha funne ei tvillingsjel som slår ein. Ei venninne som ikkje var lesbisk, forfattaren Marjorie Kinnan Rawlings, nemner Myrvang slett ikkje.
Ho er heller ikkje alltid påliteleg, som når ho til dømes refererer frå Arne Skouens bok Sigrid Undset skriver hjem (1982, s. 91) at Sigrid Undset sverma litt for en flott norsk sjømann ho vitja på eit sjukehus i New York. Myrvang meiner at Undset var vel så bergtatt av den vakre, unge kvinnelege lækjaren som stod ved sjukesenga, og som hadde tatt seg ekstra godt av pasienten. Men ho utelèt talande nok siste setninga i Sigrid Undsets brev til søstera, sitert hos Skouen, ei setning som peikar i motsett retning: «Jeg skjønte henne godt.»
At Myrvang ser det ho vil sjå, er det òg eit godt eksempel på i hennar tolking av eit «nærmest erotisk» portrettfoto av ei døsig Sigrid Undset teken av Anders Svarstad i forlovingstida, der ho til overmål foreslår at Sigrid er naken, medan ein godt kan sjå halslinninga på kjolen hennar. Om ein vil.
Brei lesnad og slurv
Lesaren kan lett la seg imponere over alt Myrvang har fått med seg av Undset-litteraturen. Ho støttar seg på dei store biografiane til Borghild Krane, Gidske Anderson, Tordis Ørjasæter og Sigrun Slapgard, på Liv Bliksrud si doktoravhandling, på Arne Skouens og Nini Roll Ankers minnebøker, pluss ei rekkje artiklar, i tillegg til mykje anna og nyare faglitteratur (til dømes om Brooklyn, der Sigrid Undset budde, som ein fristad for homofile). Men ofte vert det (igjen) berre parafraser frå desse verka, og ingen eigentleg dialog med dei. Myrvang bringar lite nytt, men har kunna nytte kjelder som er falne i det fri sidan 2019, til dømes eit par brev frå Anders Svarstad til Sigrid Undset.
Boka verkar som eit hastverksarbeid. Dei ytre vitskaplege rammene er nok på plass, men noteapparatet er altfor vidløftig. Og det hadde vore nyttig med ein manuslesar som strauk oppattakingar, retta språkfeil (til dømes «innfinne seg» for «avfinne seg»), og peika på at stilleiet umotivert skiftar fram og tilbake mellom akademisk prosa og noko som liknar slang, til dømes at skolen «var drepen».
Det hadde likevel neppe hjelpt på totalinntrykket. Sigrid Undset ville ikkje ha likt denne boka. Og for min del les eg heller oppatt Sigrun Slapgards kloke biografi.
Jorunn Hareide
Jorunn Hareide er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka verkar som eit hastverksarbeid.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.