Bok

Ut på tur

Kjersti Kollbotn veit å vise noko utan å seie det.

Kjersti Kollbotn har skrive ein roman om indre og ytre ustabilitet.
Kjersti Kollbotn har skrive ein roman om indre og ytre ustabilitet.
Publisert

Kjersti Kollbotn debuterte i vaksen alder i 2009 med romanen Eg er mamma. Eg skal vere god der ho tematiserte omsorgssvikt hos ei mor med to mindreårige ungar. I romanen Dis (2020) møter vi dei to barna som vaksne, no med ei invaderande og overbeskyttande mor.

Kjersti Kollbotn har budd i Tromsø i mange år, men ho er opphavleg frå Nordfjord, og handlinga i romanane hennar vekslar mellom Tromsø og Vestlandet, gjerne i form av ein biltur frå nord til sør. Slik også i årets roman.

Ei indre reise

53-årige Emil Strand har fylt bilen med turutstyr og proviant, ski og truger og legg ein vårdag ut på ein impulsiv eller planlagd tur til Sverige, Finland, kanskje Russland, men straks han er ute av byen, svingar han inn på E6 sørover. Kva som driv han, er litt uklart, men toppturar og naturopplevingar er nærliggjande, men like nært er ei indre reise tilbake til barndom og oppvekst i ei vestlandsbygd han har forlate reint fysisk, men ikkje i sinnet.

Det er sparsamt med opplysningar om kven denne Emil Strand er, men i små drypp får vi vite at han har to barn han har sparsam og overflatisk kontakt med i form av meldingar og korte samtalar over telefon. Kva for jobb han har, får vi aldri vite anna enn noko innan omsorg, heller ikkje om han har tatt ut ferie eller berre har reist, og dette tilbakehaldne og tilknepte skaper ein mystikk rundt mannen: Er han heilt i vater, er han ute på ei siste reise, søker han døden i naturen? Kjersti Kollbotn viser det utan å seie det, og det gjer ho på meisterleg vis.

Melankoli

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement