JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

To røyster frå Europas ruinar

Dei skriv tankar tenkte i skuggen av det europeiske sivilisasjonssamanbrotet – Schmitt som tyskar, Arendt som tysk jøde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den politiske filosofen Hannah Arendt (1906–1975) fotografert i 1969.

Foto: AP / NTB scanpix

6560
20200529
6560
20200529

Sakprosa

Hannah Arendt:

Politikk i dystre tider

Utvalg og innledning ved Rune Slagstad
Omsett av Agnete Øye, Christian Janss og Ludwig Mowinckel
Pax Forlag

Sakprosa

Carl Schmitt:

Politikk og rett. Et antiliberalt tema med variasjoner

Utvalg og innledning ved Rune Slagstad
Omsett av Øystein Skar
Pax Forlag

I ei tid då norsk akademia har degenerert til provinsialisme ved ikkje å vilja læra andre framandspråk enn engelsk, er det grunn til å gleda seg over at Pax Forlag har kome med to artikkelsamlingar av viktige tyskspråklege filosofar, Politikk og rett av Carl Schmitt og Politikk i dystre tider av Hannah Arendt, på norsk. Det er lettare å forstå tankar tenkte på tysk på norsk enn på engelsk.

Arendt er godt kjend for eit norsk publikum. Det viktigaste skriftet hennar, Eichmann i Jerusalem: en beretning om det ondes banalitet, kom på norsk i 1965. Schmitt er i Noreg best kjend for tesen om unntakstilstanden og politikkdefinisjonen sin. Begrepet om det politiske er omsett til norsk (2007).

Grundig gjennomgang

I utgangspunktet verkar dei to vera diametrale motsetnader. Schmitt melde seg inn i Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP) 1. mai 1933 og vart «Hitlers kronjurist» til han fall i unåde i 1936. Arendt måtte rømma Tyskland og fekk sin intellektuelle heim i det tyske eksilmiljøet i New York.

Rune Slagstads framifrå innleiingar styrkjer dette inntrykket. Innleiinga er ein grundig gjennomgang av karrierane deira, der både det dei skreiv og mottakinga det fekk, vert grundig gjennomgått.

Schmitt vart profet i eige land, men fall i unåde då han kritiserte Hiters regime, og fekk paradoksalt nok sin renessanse 40 år etter i «kritisk-teoretiske» krinsar. Ironisk nok var dette eit miljø også Arendt sokna til, før ho omfamna amerikansk liberalisme. Både teoretisk og metodisk er det ein avgrunn mellom dei to. Schmitt er empirikar og stoikar og skriv om makt. Arendt er teoretikar og aristotelikar og skriv om omgrep. Ho er normativ, han relativist.

Men sidan tekstane er kronologisk ordna, er det lett følgja den intellektuelle utviklinga deira. Og då vil meldaren meina at dei ikkje berre skriv om det same, men også endar opp med same konklusjon. Arendt trur rett nok på framtida. Det gjer ikkje Schmitt.

Vondskap

At dei skriv om det same, er sjølvsagt. Dei skriv tankar tenkte i skuggen av det europeiske sivilisasjonssamanbrotet – Schmitt som tyskar, Arendt som tysk jøde. I Eichmann i Jerusalem er tesen at holocaust vart gjennomført av byråkratar som følgde ordrar utan eigentleg å ha noko imot personane dei utrydda: ein kritikk av byråkratiet som ein tilstand av moralsk forfall.

Denne nesten kliniske skildringa av vondskapen står i kontrast til «sivilisasjonsprosjektet» hennar, nedfelt i skrifter som Hva er autoritet, Hva er frihet, Revolusjonens ånd og ikkje minst Det offentlige rom (1959). Her set ho opp det deltakande, «diskursive» demokratiet av politisk aktive borgarar som idealet, og eksplisitt som det moralske motstykket til det instrumentalt rasjonale byråkratiet. Borgaren gjev seg sjølv ordrar i samråd med medborgarane sine.

Her snik ei litt for sterk tru på privat dygd seg inn. Vondskapens banalitet ligg også i at den vonde kan ha dygder. Og det står ope om problema i eit moderne samfunn lèt seg løysa på allmøte i heradshuset, som dei gjorde i New Englands townhall democracy, som ho hyllar. Eller for den saks skuld i antikkens Hellas.

Men ho har eit alternativ: å venda attende til den gamle og velprøvde legitimiteten det er å ta del i styret av seg sjølv.

Det gjer Schmitt. Ikkje berre ved spissformuleringane: At den er suveren som har makt til å setja lovene or kraft; at politikkens essens er det eksistensielle skiljet mellom ven og fiende. Som katolikk veit han at tusenårsriket ikkje er av denne verda. Han er konservativ, realist og relativist.

Liberalismekritikk

Liberalismekritikk er ikkje noko nytt. Den globale liberalismens første siger kom i 1918. All liberalismekritikk har utspring i Tysklands nederlag i 1918. I denne kritikken stod heile det tyske intellektuelle miljøet, frå marxistar til monarkistar, saman. I sak gjekk kritikken på at freden Woodrow Wilson gav Tyskland ikkje var freden han hadde lova: spriket mellom liberalismens liv og lære.

Det er i denne konteksten Carl Schmitt er best å forstå. Han avviser liberalismens krav på sanning. Folkerett, folkesuverenitet og samfunnskontrakt vert relativisert og redusert til konkrete historiske døme på at makt er rett. Det er dette som gjer Schmitt «antiliberal». Og sidan han er djupt og heilagt forbanna, vert det han skriv, verdt å lesa.

Difor målber han den republikanske kritikken av det representative demokratiet i Parlamentarismen svanesang (1923): Styreforma held ikkje det ho lovar, fordi innføringa av ålmenn røysterett har bytt ut offentleg avveging av prinsipp med avveging av kollektive eigeninteresser i løynd – sjølve antitesen til prinsippa i det parlamentariske styresettet. Difor har ikkje det parlamentariske demokratiet noka prinsipiell grunngjeving som skil det frå– eller gjer det betre enn – andre styresett.

Antiliberal vert Schmitt når han peikar på at «samfunnskontrakten» er ei logisk sjølvmotseiing. Ei gruppe menneske som er samde om å halda avtalar, lever ikkje i ein naturtilstand. Dei skipar ikkje noko politisk samfunn ved å semjast om å endra måten dei styrer seg på. Det er semja som er det avgjerande, ikkje styremåten. Så lenge semja held, er styresettet legitimt.

Schmitts orsaking for syndefallet sitt i Legalitetens problem frå 1950 er også verd å få med seg. Her deler Schmitt Arendts byråkratikritikk. Den moderne statens problem er at byråkratiet har gjort legaliteten, at ein ordre er ein ordre, til den einaste forma for legitimitet. Og så lenge lover er lovleg vedtekne, spelar det inga rolle kva folk måtte meina. Ulikt Arendt ser han ikkje nokon veg ut or dette legalitetens jarnbur.

I dagens Europa er nasjonalstaten den styreforma som kjem nærast Arendts ideal. Overnasjonalitet og globalisering, kor legalt slikt enn måtte vera, er ikkje utan vidare legitimt. I ei tid der alle kloke og gode menneske har fått sin schmittske «fiende» i populisten, er det viktig å ha observasjonane hans om Legalitetens problem i minne.

Pål H. Bakka

Pål H. Bakka er statsvitar, fyrstebibliotekar ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Både teoretisk og metodisk er det ein avgrunn mellom dei to.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis