JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tankar frå ein sofa

Stig Aasviks nyaste bok gir meg lyst til å be han skrive andre typar romanar. Det er meint som ein kompliment.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den ferskaste romanen til Stig Aasvik går føre seg inne i hovudet til Stig Aasvik.

Foto: Tanya Hanzalova Wibye

3150
20180202
3150
20180202

Roman

Stig Aasvik:

Ordføreren i Oslo

Cappelen Damm

Ordføreren i Oslo, Stig Aasviks femte bok, er som ei ventepølse som er nesten litt for mettande. Men aller mest får ho meg til å lengte etter ein hovudrett, nemleg ein annan roman.

Det er berre eitt år sidan Stig Aasvik gav ut forløparen Lofotveggen. Bøkene er sjølvbiografiske og skrivne i ein lang arbeidsledig periode. I første bok fekk romanfiguren Stig jobbsøkarkurs via Nav, no er han i gang med andre del av tiltaket, der han får timar hos ein rettleiar. Men det er frå sofaen sin på Hasle han fortel heile romanen.

God spegling av tankar

Teksten er skriven utan avsnitt eller linjeskift, nye tema oppstår utan overgangar. Det er som om mykje fordampar etter kvart som eg les, ikkje fordi språket er tungt eller innhaldet kjedeleg, men fordi Aasvik er ein meister i å spegle kor flyktige tankar er og korleis dei hoppar saumlaust mellom det trivielle og eksistensielle.

For å sette i gang tankestraumane bakar han gjerne inn klassiske oppramsande skriveøvingar som «jeg elsker ...», «jeg liker ...» og ikkje minst «jeg husker ...», som vi kjenner frå Joe Brainards Jeg husker som nyleg blei omsett til norsk av Nils-Øivind Haagensen. Stig er innom svært mykje, som fotball, foreldre, film, filosofi, musikk, kaffibarar, trening, fly og reiser. Men det er to gjentakande emne eg meiner skil seg ut i det at dei skapar effektive kontrastar til hovudpersonen. Det første – jobbsøkarrettleiinga han får frå den overpositive Mona – står for det konstruktive. Det andre emnet er fryktelege avrettingar i Iran som han les om, og som viser at han eigentleg ikkje har det så ille.

Skrivevegring

Det blir litt mykje av det gode, ein må vere uthaldande for å lese romanar utan pustepausar. Men når Stig viser at han veit korleis vi kan oppfatte han, tilgir vi han i all forvirringa: «Jeg skulle ønske jeg var et reflektert og konsistent vesen – en som kunne skrive noe annet, noe mer enn dette vimsete og halvferdige tankearbeidet.» Det blir som å høyre ein ven klage i det uendelege for så å unnskylde seg for klaginga si.

Boka kan minne om Ole Giævers film frå 2017, Fra balkongen, som òg er sjølvbiografiske kvardagsskildringar frå ei blokk i det sentrumsnære Oslo. Oppskrifta er slik: Privilegert småbarnsfar i 40-åra fortel lenge og vel om at han har det heilt vanleg. Vi blir jo glade i desse mennene, men kanskje er det kjekt for alle om neste verk handlar om litt meir enn det dei ser frå balkongen og sofaen sin.

Eg les Ordføreren i Oslo mykje som ei bok om skrivevegring. Stig referer stadig til bøker han skriv på, men så er det altså denne «ventepølsa» som blir gitt ut. Favoritten min blant bøkene han arbeider med, er ein roman som skal handle om folk som held til i og rundt Tøyenparken. Eg håper Tøyenparken, og for så vidt dei andre prosjekta han fortel om, blir skrivne ut, for Stig Aasvik er ein god forfattar med mykje fint på hjartet.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg les Ordføreren i Oslo mykje som ei bok om skrivevegring.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis