Svolt som strategisk våpen
Statsminister Winston Minister Winston Churchill, U.S. President Franklin Roosevelt and Soviet Premier Josef Stalin sit on the patio of Livadia Palace, Yalta, Crimea, in this Feb. 4, 1945, file photo. A sand sculpture depicting a famous 1945 photo of the Big Three taken during Yalta Conference, was made Moscow, Russia, Saturday, May 1, 2010, to mark the upcoming 65th anniversary of the victory in the WWII. (AP Photo/File)
Foto: AP
Sakprosa
Anne Applebaum:
Rød sult. Stalins krig mot Ukraina
Omsett av Rune R. Moen
Cappelen Damm
Berre ein avgrensa krins av fagfolk kjende til brotsverket og omfanget av det. Med boka Rød sult har den amerikanske journalisten og historikaren Anne Applebaum (f. 1964) reist eit hjarteskjerande minnesmerke over dei som inga grav skulle få.
Svolt som våpen
For desse millionane er det knapt så viktig å få avgjort om drapet var eit folkemord eller «berre» ei tilleggsulykke i rekneskapen over dei mange som vart offer for Stalins samvitslause kollektiviseringspolitikk frå slutten av 1920-åra. Politisk var det uråd å grava i arkiv eller likhaugar, eller å bruka sterkare ord enn «alvorleg matmangel» om den fortvilte situasjonen i 1932–1933, da det var som verst, og avmagra lik låg og rotna i gatene. No, tre generasjonar seinare, flyt det historiske problemet saman med det ukrainske nasjonalitetsspørsmålet, sjølv etter at Ukraina fekk sjølvstende da Sovjetunionen rakna for mindre enn 30 år sidan.
Det gjekk berre ti år før læreviljuge strategar lét seg inspirera av metodane. Da dei tyske styrkane hadde kringsett Leningrad i 1941, tala Joseph Goebbels om nytta av «general Svolt», som var langt meir effektiv og billegare enn bomber og granatar når innbyggjarane i den historiske byen – i dag St. Petersburg – skulle utryddast.
Og Lenin tok fatt på krigen mot Ukraina så tidleg som i januar 1918 i ein freistnad på å stansa sjølvstendestrevet i Kiev, det russiske rikets hovudstad 300 år før Moskva vart grunnlagt.
Anne Applebaum, som no underviser ved London School of Economics, er frå før kjend og heidra for bøker om GULag, Stalins system av straffeleirar og historia om jarnteppet. I boka om svolten i Ukraina brukar ho arkivmateriale som har funne vegen opp i lyset ved hjelp av uredd innsats av opposisjonelle historikarar. Mykje grundig arbeid er gjort i det ukrainske eksilmiljøet i Canada.
Dette er langt meir enn eit akademisk fagproblem: Ein nøkkelperson er den canadiske utanriksministeren, Cynthia Freeland, som har både ei fortid som Moskva-korrespondent og ukrainske besteforeldre på morssida. Rimeleg nok er både regjeringa og opinionen i Canada spesielt fordømande i vurderinga av den russiske militærpolitikken mot Ukraina.
I så måte er dette dagsaktuell politikk, og dei iherdige russiske freistnadene på å hindra at det vert skrive særleg mykje om desse hendingane, er ei tung bør for det russiske sambandet med land som USA, Frankrike og Polen, forutan Canada.
Slaktaren
Mellom dei problema Applebaum ikkje har svar på, er korleis Stalins tankar om «naudsynt» reduksjon av folketalet i Ukraina utvikla seg før han sette denne politikken ut i livet. Men dei fiendtlege kjenslene hans mot det han såg som ein veksande ukrainsk nasjonalisme, kan lesast av dei politiske tiltaka hans, og han var intelligent nok til å skjøna at dei nådelause tvangsleveransane av korn frå Ukraina til Russland måtte kosta menneskeliv. Han skjøna òg at dette måtte løynast. Manipuleringa av statistikken var like målretta som det meste han elles dreiv det til på dette feltet.
To av Stalins fremste medskuldige var Lazar Kaganovitsj og Nikita Khrusjtsjov, som begge tok sin tørn som partileiar i Ukraina. Begge overlevde, men Kaganovitsj vart tvangspensjonert av Khrusjtsjov så tidleg som i 1957. Det sikra Nikita Khrusjtsjov sju år til ved makta.
I slutten av 1930-åra var Stalin så brutal at han framleis ber namnet «Ukrainas slaktar».
Applebaum dempar dei grufulle skildringane av massedrapet, utan at slik varsemd kan gjera Rød sult til ei hyggebok i mørke haustkveldar.
Per Egil Hegge
Per Egil Hegge er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.