Stormens auge
Ei av Storbritannias største gir oss ein barokk brexitkommentar.
Ali Smith var ein av finalistane til Booker-prisen i 2017.
Foto: Sarah Wood
Roman
Ali Smith:
Høst
Omsett av Merete Alfsen
Oktober
Den feira forfattaren, som opphavleg er skotsk, vart nominert til Booker-prisen for fjerde gong med dette første bandet i ein årstidskvartett. Talande nok startar ho med slutten, paradokset er eit av stoffa romanen er voven av. Handlinga er lagd til Storbritannia rett etter folkerøystinga sommaren 2016, hos eit folk som er i ferd med å vakne til ein dundrande blåmåndag. Inn i denne høgaktuelle konteksten vev Smith mange og lange trådar frå eit imponerande tilfang av europeisk kulturhistorie, særleg britisk kunst og litteratur. Resultatet blir ein mangslungen collage, eit verk som går i ukueleg dialog med andre kunstverk og med seg sjølv. Forma er i seg sjølv eit standpunkt, i ei tid der den offentlege samtala forvitrar. Høst er ei blanding av høgt og lågt, stygt og vakkert i ein skarp kommentar til samtidas store problem. Det er på grensa til overlesst. Heldigvis er Smith ikkje berre ei lærd kvinne, men også ein driven forteljar. Ho trykkjer ikkje kunnskapen nedover hovuda våre, ho dansar og leikar med han.
Eit av førelegga er Fagre nye verden. Men i motsetnad til Aldous Huxleys roman og andre dystopiar uttrykkjer Høst ein trassig appetitt på alt som gjer livet verdt å leve.
Vårt vesle liv
Ein annan tekst som spelar med i romanen, er Ovids Metamorfoser. Det handlar om overgangar, også dei organiske. For den eine hovudpersonen gjeld det den aller siste. Den 101 år gamle Daniel Gluck ligg på ein sjukeheim og døser, i ei blanding av draumar og minne. Ved senga hans sit unge Elisabeth Demand, «uventede dronning av verden». Namna i boka er sjølvsagt alt anna enn tilfeldige. Første gong dei to møtest, er ho ein jentunge, han alt på veg inn i alderdomen. Eit vakkert og uventa venskap oppstår. Dei like innhalds- som fantasirike samtalene mellom dei er viktige rennetrådar i romanen, fulle av sprelske språklege krumspring.
Daniel kom seg ut av løvehola på kontinentet under den andre verdskrigen og har levd i eksil i Storbritannia. Der har han livnært seg som låtskrivar. Elisabeth er blitt kunstlektor med spesiell interesse for popkunst. Når ho ikkje sit hos Daniel, møter vi henne anten i absurde møte med offentleg forvaltning eller på besøk hos mora. Mora les eg som ein representant for folket. Ho er delvis ein latterleg figur. Dette blir ei innvending mot ein roman som insisterer så sterkt på det fleirstemte: Dei som røysta for EU-utmelding, får ikkje noka tydeleg stemme her.
Det siste vi ser stå
«Kva les du?» er standard opningsreplikk frå Daniel i møte med Elisabeth. Det er tale om fortolking, å få auge på det som skjer rett framfor oss.
Det er ikkje lite Smith vil vise oss. Når lesinga er til endes, må ein hive litt etter pusten. Men ein kjenner seg litt klokare, og meir håpefull. Som Miranda i Shakespeares Stormen, fortel Høst oss at verda til mennesket er fager – trass alt. Om vi berre evnar å sjå henne – og sjå kvarandre. Draumar og fantasiar har sitt eige viktige språk, eit språk vi finn uttrykt i kunst. For å sjå må vi både opne og lukke auga.
Den røynde Merete Alfsen har også denne gongen levert ei framifrå omsetjing av Smiths krevjande tekst.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar
og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heldigvis er Ali Smith ikkje berre ei lærd kvinne, men også ein driven forteljar.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?