Spansk sommar
Ikke gråte er eit meisterleg familiedrama frå den spanske borgarkrigen.
Den franske forfattaren Lydie Salvayre.
Foto: Ulf Andersen
Roman
Lydie Salvayre:
Ikke gråte
Solum/Bokvennen
Den spanske borgarkrigen (1936–1939) var på mange måtar opptakten til 2. verdskrigen, der kampen stod mellom demokrati og diktatur, mellom politisk mangfald og einsretting, mellom rettsstaten sine prinsipp og barbariet. Samtida såg dette, og tusenvis reiste til Spania for å forsvare republikken mot Francos militærkupp – mellom andre rundt 300 nordmenn. Mange profilerte intellektuelle reiste også, til dømes George Orwell, Ernest Hemingway, André Malraux og vår eigen Nordahl Grieg, og Lydie Salvayre lener seg tungt mot Georges Bernanos’ polemiske meisterverk Les Grands Cimetierères sous la lune (1938), der han tar eit rasande oppgjer med den katolske kyrkja si velsigning av krigsbrotsverka til Franco-sida.
I Ikke gråte tar Salvayre lesaren med til ein liten spansk landsby der mora voks opp, og ho flettar elegant saman mora si historie, Bernanos’ vitnesbyrd og eigne notidige refleksjonar. Slik etablerer ho både eit makro- og eit mikronivå gjennom heile teksten. Forteljinga er i hovudsak lagd i munnen til den 90-årige Montse, mora som etter 70 år i Frankrike framleis slit med å uttrykkje seg presist på fransk og derfor strør om seg med spanske ord og uttrykk. Røysta hennar er gebrokken, gjerne vulgær og folkeleg, treffsikker og slagkraftig, sarkastisk og ironisk, frekk og direkte i karakteristikkane av eigen familie, kyrkja og den borgarlege familien ho blir gifta inn i. Dette er fint ivaretatt av omsetjaren Gøril Eldøen gjennom ei ordliste over ti sider.
Eit kløyvd samfunn
Forteljinga er lagd til sommaren 1936. Broren José, lausarbeidar for rike jordeigarar, vender heim som agitator og anarkist, og på kort tid vinn han tillit i landsbyen. Men han får også fiendar, spesielt kommunisten Diego, og fiendskapen mellom anarkistar og kommunistar svekkjer den republikanske sida i borgarkrigen. Det heile endar tragisk.
Før soga kjem dit, opplever Montse som bråmoden 15-åring den store kjærleiken og den grenselause fridommen i Barcelona, som er styrd av anarkistane. Her møter ho ein franskmann som er undervegs til fronten for å slutte seg til dei internasjonale brigadane. Dei får ei natt saman før Montse vender heim til landsbyen – gravid. For å unngå skamma gjeld det å finne ein ektemann, og Montse inngår eit fornuftsekteskap med Diego, fienden til broren.
Salvayre leverer eit nært og levande tidsbilde av spansk landsbyliv der alt har stått stille i hundrevis av år, og der avgrunnen mellom fattig og rik pregar kvardagen. Den knuande makta kyrkja har over sinn og tanke, kvinneundertrykkinga, mannssjåvinismen, det bakstrevarske i ord og handling, alt dette som definerer det beståande, alt dette som opprøret blir retta mot, er skildra med klårleik og substans, og etter å ha lese boka kjenner ein glede over at Solum forlag har eit så vake blikk mot det som rører seg utanfor landets grenser.
Ikke gråte er Lydie Salvayres første bok på norsk. Romanen kom ut i Frankrike i 2014 og fekk den prestisjetunge Goncourtprisen same året.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Salvayre leverer eit nært og levande tidsbilde av spansk landsbyliv der alt har stått stille i hundrevis av år.
Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement