JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Små tette rom

Elena Ferrante er ein kreativ metaformakar, men fell for freistnaden til å smørje for tjukt på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4623
20180309
4623
20180309

Roman

Elena Ferrante:

Kvelande kjærleik

Omsett av Kristin Sørsdal
Samlaget

Boka som no har fått tittelen Kvelande kjærleik, kom først på norsk i 1994 på bokmål med tittelen Hjemreise. Etter triumfen Samlaget har hatt med Elena Ferrante, kjem dei no med ei nynorskutgåve av den første romanen hennar.

For svart

Lat meg tilstå: Eg høyrer ikkje til blant Ferrantes største fans. «Napoli-kvartetten» har vekt ei unison begeistring både her til lands og andre stader, men bøkene talar ikkje til meg. Kristin Sørsdal, Ferrantes briljante omsetjar, har uttrykt at dei første romanane til italienaren er vel så gode som braksuksessen om venninnene frå Napoli. Etter å ha lese debutromanen er eg likevel framleis i villreie om kvifor desse tekstane har så stor appell. Forfattaren har nok evner til å koke i hop sterke og beiske brygg. Men trass i litterære kvalitetar blir produktet for tjuktflytande og for svart. Verknaden av lesnaden blir som av for mange koppar espresso: Ein får hovudverk, jamvel andenaud.

«Eg kjende det (…) som om eg hadde mista meg sjølv ein eller annan stad og no ikkje lenger var i stand til å finne meg sjølv igjen.» Delia slit med liv og identitet etter ein valdsprega oppvekst. Mor hennar er død, ho har teke sitt eige liv. Eller har ho det? Romanen opnar med dette krimaktige mysteriet. Delia reiser heim til Napoli, til gravferd. Samstundes forsøker ho å finne ut av kva som hende den siste tida mora levde. Reisa går like mykje attende i tid, til ein barndomsheim der ein sjalu far slo mor nesten helselaus. I persongalleriet er også den mystiske Caserta, han som kanskje og kanskje ikkje var elskaren til mora. Notid og fortid, røynd og fantasi blandar seg i Delias slitne hovud og angstridde hjarte. Ho ber på skuldkjensle for ein episode frå barndommen, noko som førte til eit ekstra brutalt åtak på mora.

Min mor mitt speil*

Mangelen på klåre grenser mellom mor og dotter er eit viktig tema, og i Ferrantes tekst blir det skildra reint fysisk. Kroppar og kroppsvæsker er gjentakande motiv i boka, særleg kvinnekroppar og alt det dei skil ut. Også klesplagg, særleg underklede, synleggjer det tette bandet mellom Delia og mora, og tematiserer dessutan kvinneliv generelt.

Kvinneplagga i handlinga står dessutan for noko anna, noko som lyfter. Mora var syerske. Med dyktige hender skapte ho kjolar og drakter for fine fruer. I det trylte blikket til Delia som lita jente fekk dei utsøkte plagga eit eige liv. Desse vakre scenene bringer eit kjærkome lys inn i ein elles svart roman, og viser at det finst ein veg ut.

Det er den absolutte vrangsida av italiensk kvinneliv Ferrante serverer. Seksuell trakassering er å rekne for ei daglegdags norm. Også mennene verkar fanga i desse innskrenka omgjevnadene. Ein kan lese denne og andre romanar av forfattaren som viktige korrektiv til det populære biletet av det gestikulerande, glade og operettetrallande Italia. Bøkene er ikkje minst aktuelle i desse #MeToo-tider, og med eit Italia der fascismen er på frammarsj. Men sjølv om romanar slett ikkje skal vere turistbrosjyrar, må ein lesar orke å vere inne i dei den tida lesnaden varer. Denne lesaren ønskte seg ut og vekk.

Kvelande drama

Delia lid av klaustrofobi. Dette blir reflektert i romankomposisjonen. Det er tett og trongt, både mellom scener og språklege grep. Ferrante er ein kreativ metaformakar, men fell for freistnaden til å smørje for tjukt på. Dei språklege bileta blir dynga oppå kvarandre i ein haug. Når så mykje av handlinga i boka er konstruert slik at den ytre røynda blir borte i Delias fantasiverd, blir totalen uoversiktleg. At det er særs få dialogar i romanen, bidreg til det innestengde. Også lesaren får pustevanskar og mister heilskapen av syne.

Ein av dei første og største dramatikarane i vestleg litteratur var Sofokles. No går Antigone på Det Norske Teatret. Til liks med Kvelande kjærleik syner denne greske tragedien sterke kjensler og brotne familierelasjonar, men heilt annleis. I ein stringent komposisjon får kvar skodespelar stå aleine og falde ut rolla si på ei strippa scene, i eit effektfullt spel av lys og skugge. Den luftige scena gjer at vi kan ta tragedien inn. I Ferrantes roman er mørkret ikkje til å trengje igjennom.

*Dette var norsk tittel på boka til den amerikanske feministen Nancy Friday om det problemfylte tilhøvet mellom mødrer og døtrer.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar
og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv om romanar slett ikkje skal vere turistbrosjyrar, må ein lesar orke å vere inne i dei den tida lesnaden varer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis