Bok
Sluttstrek for eit storverk
Ventetida på siste bandet av biografien om Haakon og Maud har vore til det beste for oss alle.
Kong Haakons gravferd i 1957. Her kjem kista til Akershus festning.
Foto: Aktuell /NTB scanpix
Vegen vert til medan vi går, og for Tor Bomann-Larsen tok det ekstra tid å koma i mål med biografien om kong Haakon. På mange måtar eit luksusproblem; det dukka stendig opp nytt og rikt kjeldemateriale, og målsnøret flytta seg gong etter gong.
Men slikt skal handterast, og forfattaren skal få struktur på ei framstilling som kunne ha enda i rot. I skildringa av folkekongens siste to år i rullestol på Slottet etter eit beinbrot som ikkje vart til norsk medisins stoltaste stund, vender forfattaren stendig attende til vurderingane som prins Carl, og seinare kong Haakon, gjorde seg før han sa ja, og i det første tiåret hans som monark og vel så det.
Det er ein balansegang ved kanten av kaos, og det er ikkje minst her Bomann-Larsen avslører kva han er laga av som skribent, både i utval, i stil og i overraskande, men stort sett stilsikre formuleringar. Med dei åtte banda og 4000 sidene har han lagt lista høgt for dei som skal skriva biografiar heretter.
Vanskelege nordmenn
Prins Carl venta seg inga lett oppgåve i Kristiania. Om norsk politikk visste han lite, interesserte seg enda mindre og dessutan: «For min egen del er jeg overbevist om at nordmennene alltid vil være svært vanskelige å ha med å gjøre, det har de alltid vært, i det minste frem til nå.» Slik skriv han i eit brev til kong Edvard VII i juni 1905, der marineløytnanten i København enno har von om at kong Oscar vil seia ja til at ein av sønene hans kan overta norsk krone og trone.
Tvilen hos han er framleis til stades etter at den første verdskrigen er over, og ikkje berre i 1913, men eit godt stykke ut i 1920-åra er staben ved hoffet utrygge på kor sterke abdikasjonstankane er. Det har vore flust med uår på kongelege dynasti, mange er republikanarar, Arbeidarpartiet finn mykje godt i Moskva-tesane, og det ligg tungt på kong Haakon at sonen kanskje heller bør hjelpast inn på ei line som gir eit trygt levebrød.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.