Slektas fangarmar
Aschehougs nyutgitte klassikar fortener nye lesarar.
Magnhild Haalke deler lagnad med mange store diktarar: Ho er nesten gløymd.
Foto: Leif Ørnelund
Roman
Magnhild Haalke:
Allis sønn
Aschehoug
Magnhild Haalke (1885–1984) skreiv 18 romanar og mange noveller og var ei viktig forfattarstemme i samtida. Diverre deler ho skjebne med mange store diktarar: Ho er nesten gløymd. Aschehoug skal ha ros for å gi ut debutromanen hennar frå 1937 på nytt.
Allis sønn er ikkje lystig lesnad, men stor litteratur. I eit sterkt og sikkert språk, med ordbilete henta frå miljøet sjølv, trer dette øysamfunnet fram for oss. Haalkes meisterklo syner seg også i måten ho lett og ledig lar synsvinkelen skifte frå person til person, ofte i same scene. Vi får heile samanhengen og ser korleis alle personane i dette dramaet strevar på sitt vis.
Stormfullt
Alli og sonen Elling, fire–fem år då handlinga tar til, bur på ei grisgrendt øy ein stad på trøndelagskysten. Det er vêrhardt og smått, sterke naturkrefter står rett utom stovedøra. Faren til Elling er fiskar og ute sju år i strekk. Han er heime i eit så avgrensa tidsrom og så veik i relasjonen til eigne foreldre at han ikkje maktar å rokke ved maktkonstellasjonane som har etablert seg i fråværet hans. Det er synd, for Alli kunne ha trunge ein alliert. I heimen her er det nemleg farmor og farfar til Elling som rår, særleg farmor. Alli ligg heilt under for svigermors vilje og humør og blir såleis pressa frå to kantar: frå svigerforeldra som jamt går inn for å kue henne, og frå dette litt ville og litt annleis barnet som ho ikkje veit korleis ho skal handtere. Ho har stor kjærleik for Elling, men like mykje bekymring og ikkje minst kjenner ho djup skam for alle påfunna hans. I dette samfunnet er det å stikke seg ut det same som å skjemme seg ut.
Alli slit seg dessutan ut med å ro gutungen over havet til skulen. Ho orkar ikkje tanken på at Ellings påfunn skal påføre dei endå meir skam om han skal «losjere» på fastlandet, slik dei andre ungane frå øyene gjer dei vekene det er skule.
Om naturen her er sterk og vill og set strenge rammer for tilværet, er livet inne i personane den største trugselen. Elling er eit kjenslevart barn som utfordrar omgivnadene med sterke fantasiar og språkleg kreativitet. Han har òg ei stor evne til å rime. Det må han ikkje, særleg ikkje lage sin eigen versjon av fadervår. Skapartrong og -evne hos gutungen støyter gong på gong mot skrankane og forboda dei vaksne set opp. Etter som Ellings styrke mentalt og fysisk aukar, blir samanstøytane med dei rundt han tilsvarande dramatiske.
Usynlege fangarmar
Allis sønn har ein tone av determinisme og undergang og kan minne litt om ein annan stor forfattar eit par generasjonar før, naturalisten Amalie Skram. Også hos Haalke viklar dei usynlege fangarmane i ei slekt gong på gong personane inn i kvarandre på øydeleggande vis. Dei kjem seg ikkje laus, men kjem heller ikkje fram til nokon større nærleik eller varme. I staden blir det dei destruktive kreftene som vinn. Det er som om stormane på havet kryp heilt inn i menneskesinna.
1937 var mange tiår før eit forbod mot å slå barn vart nedfelt i lova, det er lett å peike på mangt som er betra sidan då. Først og fremst har vi ein heilt annan velstand med andre og friare rammer for livet vårt. Det er heller ikkje mange som lever i så isolerte samfunn som familien på Bekkerøya. Likevel er dei yngste blant oss stadig prisgitt dei som dei til kvar tid har rundt seg i den inste krinsen, like utsette for mørke og angst hos dei næraste omsorgspersonane.
Allis sønn kan lesast med stort utbytte også i dag.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast skribent for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er som om stormane på havet kryp heilt inn i menneskesinna.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?