Bok

Skjelve på hendene kan ein gjere på do

Høyer snittar presist i ein tilsynelatande suveren eksistens.

Ida Hegazi Høyer debuterte med ein roman i 2012 og er omsett til mange språk.
Ida Hegazi Høyer debuterte med ein roman i 2012 og er omsett til mange språk.
Publisert

Det er kan hende ein trend i samtidslitteraturen å skildre menneske som hemningslaust tråkkar over sosiale og moralske grenser. Sjølv om også Ida Hegazi Høyer nyttar humor, er romanen hennar meir alvorstyngd enn for eksempel dei siste til Agnes Ravatn og Nina Lykke. Til gjengjeld rammar Kirurgen lesaren på eit meir eksistensielt plan og avslører fleire lag av både menneskesinnet og tidsånda.

I Kirurgen er det ein suveren, i alle fall i eigne auge, lege som får gjennomgå. Vi som les, synest han får som fortent. Men Høyer gjer det ikkje så enkelt for oss at ho stansar der. Etter kvart som Henrik Wolds veg mot undergangen synest meir og meir uunngåeleg, godtar vi oss stadig mindre og kjenner på ei større eksistensiell uro.

Pirrande uovervinneleg

«Den pirrende selvforsterkende følelsen av uovervinnelighet» identifiserer Henrik Wold, ein kirurg i slutten av trettiåra. Han er ein mann som likar å vere del av store system, han likar å bu i by og å arbeide i det særeigne universet som eit sjukehus er. Henrik likar å vere i verda, i alle fall så lenge han sjølv er på toppen i hierarkiet, og alle andre held seg på sin rette plass.

I hans verd er ikkje berre arbeidet, men livet generelt prega av sterk konkurranse. Det er vinn eller forsvinn. Sjølv er han utan tvil på elitelaget, som ein av dei beste kirurgane på det store sjukehuset og med avdelingsleiarstillinga innan rekkevidde. Alt er under kontroll, overflata er perfekt: luksusbustad på Snarøya, svart Tesla og med ei både veldreidd og velutdanna venninne som han har eit hyggeleg, men ikkje plagsamt forpliktande forhold til. Ingenting kan gå gale. Eller?

Stålblanke setningar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement