JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Shetlandsgjengen i nyansert portrett

Ueland gjev oss presise og fine portrett av ei rekke heltar, fleire av dei ukjende for oss til no.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norske flyktningar om bord i fiskeskøyta «Viola» på veg over Nordsjøen. Den risikable transportruta vart òg kalla Shetlandsbussen.

Foto: NTB scanpix

5696
20171215
5696
20171215

Historie

Asgeir Ueland:

Shetlandsgjengen. Heltene i Nordsjøen.

Kagge

Shetlandsgjengen var ei løynd norsk militær troppeeining under andre verdskrigen. Ho hadde til oppgåve å frakte agentar, sabotørar, forsyningar og våpen over Nordsjøen til norske motstandsgrupper i Noreg, og bringe flyktningar og motstandsmenn attende til Shetland. Dei fyrste åra var det fiskebåtar som utførte oppgåvene, frå 1942 av vart det i staden sett inn tre amerikanske ubåtjagarar.

Troppeeininga låg under kommando av ein heimleg britisk spesialstyrke og var knytt til dei militære planane britane hadde i Noreg. I alt vart over 3000 menneske frakta over Nordsjøen, over 350 av dei med krigsfartøy. 18 båtar forliste med i alt 158 personar om bord, 7 båtar med 77 menneske vart tekne av fienden, og englandsfarten kosta i alt 321 menneske livet. Av dei militære norske styrkane som omfatta 300 mann, fall 46. Det gjev ein dyster tapsprosent.

Soga om Shetlandsgjengen høyrer blant dei mest vidgjetne under krigen, sett med norske augo. Både Leif Larsen og Jan Baalsrud har fått biografiar, fleire bøker er utgjevne, ein film frå 1954 hylla heltane på høveleg vis og nykelstader på Shetland under krigen vert i dag oppsøkte av reiseselskap, studiegrupper og foreiningar kvar sommar. Eit forvitneleg museum på hovudøya fortel om mennene, skøytene, slippane og ferdene over Nordsjøen, og også om tragediane og kvardagslivet til nordmennene.

Delvis nye kjelder

No har Asgeir Ueland utifrå eit noggrant og delvis nytt kjeldetilfang skrive ei bok om soga til Shetlandsgjengen. Det vil seie ikkje berre om ferdene over Nordsjøen, men også om korleis dei tok til heilt frå aprildagane 1940 og ikkje minst om det politiske spelet – om motsetnadene mellom britar og nordmenn og mellom dei norske mannskapane og dei norske offiserane. Det toppa seg i oppgjeret mellom kommandørkaptein Tor Gallus Kleppe, kalla Napoleon, og sjøfolka, blant dei den røffe, smilande og særs dugande skipperen Bård Grotle, som er ein av heltane i boka. I desember 1941, som skipper på fiskeskøyta «Aksel», frakta Grotle og seks kameratar tre sabotørar til Gripsholmen. På heimvegen forliste dei. Dei sende naudmelding over radio og gjekk i lettbåten og ein gummiflåte for å redde livet. Det britiske flyvåpenet og marinen søkte etter dei, men fann dei aldri.

Den fyrste som fall i kampane, var ungguten Nils Nesse. Han stod ved roret i styrhuset på fiskeskøyta «Sigalos» då skøyta vart pepra av eit tysk fly tre gonger. Tredje gongen fall Nesse. «Det norske flagget ble lagt over kista», skreiv ein kamerat i dagboka si.

Ein annan som måtte late livet, var Per Blystad, kan hende den mest intelligente og dyktigaste blant skipsførarane. Han vart teken av tyskarane ved norskekysten på sitt siste tokt og truleg avretta ganske momentant.

Fine portrett

Ueland gjev oss presise og fine portrett av ei rekke heltar, fleire av dei ukjende for oss til no. Men forfattaren leverer framfor alt forrykande og detaljrike skildringar av ferder vi tidlegare har høyrt om, men no opplever med fleire sjatteringar. «Blia» går ned med 42 mann om bord. To norske agentar skyt to naziagentar i Telavåg og utløyser eit skred av tragiske og lagnadstunge represaliar. Leif Larsen debuterer på fiskeskøyta «Nordsjøen», som legg ut miner ved Smøla, og går ned i stormen. Mannskapet på «Frøya» kjempar mot salvane frå eit tysk fly som senker skuta og sender karane i livbåten og på ein flåte. Boka tek til med denne skildringa, så vi treng ikkje vente på dramatikken.

Ueland teiknar også opp kvardagen, vonene, festane, spriten og sorga over falne kameratar. Han syner korleis frustrasjonar, personlege motsetningar, fyllekuler, yrkeslaus villskyting, lange ventetimar og planar som renn ut i sanden, også høyrer med til krigens kvardag. Like eins skildrar han dei som var agentar for tyskarane, men bar norske uniformer, dei som ikkje visste heilt kva leir dei stod i, og dei som vart med utan at dei eigentleg ville det.

Samarbeid på alle plan

Det var britiske offiserar som hadde kommandoen; sjølve skipperane og mannskapane var norske. Det førte til at britar og nordmenn måtte samarbeide på alle plan, også politisk. Ueland syner korleis det skar seg i mange saker, både fordi sjøfolk og militære ter seg ulikt og fordi britane ofte tvilte på om nordmennene eigentleg hadde vilje til å slåst. Dei var forundra over at dei norske motstandscellene som dei samarbeidde med, vart så fort opprulla og øydelagde, og meinte nordmennene bøygde seg for lett under okkupantane. Dei grein også på nasen over politikken den norske regjeringa i London førte, skriv Ueland. Britane overkøyrde eigentleg nordmennene. Dei informerte dei ikkje om tokta dei planla mot stader på kysten av Noreg, og dette kvesste sjølvsagt motsetnadene.

Ueland skildrar også stoda frå hausten 1943 då dei tre ubåtjagarane «Hessa», «Hitra» og «Vigra» tok over trafikken over Nordsjøen og gjorde han tryggare. Samstundes etablerte det norske miljøet seg i Scalloway, og nordmennene fann seg til rette. Dei fekk vener og kjærastar, og tre av dei gifta seg med kvinner frå staden. Optimismen avløyste tungsinnet frå dei fyrste åra, og dei nye båtane flytta heimlandet nærare. I april 1945 vart det gjort tolv turar over Nordsjøen med norske skipperar og med norsk mannskap som førte vidare den egalitære kulturen som hadde gjennomsyra mannskapane i Shetlandsgjengen frå første stund.

Godt levert, Ueland.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ueland teiknar også opp kvardagen, vonene, festane, spriten og sorga over falne kameratar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis