Bok

Rossavik er liberal og bygger bru

Boka De korrekte syner at Frank Rossavik er ein liberal og klartenkt pedagog.

Frank Rossavik er politisk kommentator i Aftenposten og har skrive fleire biografiar og andre bøker.
Frank Rossavik er politisk kommentator i Aftenposten og har skrive fleire biografiar og andre bøker.
Publisert

Rossaviks prosjekt og raude tråd gjennom heile boka er at ein ny identitetspolitikk fører til at minoritetar går frå å kjempa for gjensidig anerkjenning i storsamfunnet til å kjempa for at små grupper skal få særrettar og skjermast frå open debatt. Ved å trekka vekslar på internasjonale tenkjarar, ikkje berre i USA, men også i Tyskland, syner Rossavik oss korleis den nærast religiøse identitetspolitikken og antirasismen ikkje vil hjelpa minoritetar.

Identitetspolitikken frigjer ikkje individet til å delta i opne fellesskap, men stenger det inne i små lukka fellesskap. Han svekker og splittar samfunnet. Ironisk nok er liberal kritikk av identitetspolitikk eit sterkt forsvar av fellesskapet.

Anerkjenning av minoritetar som likeverdige plagar ikkje majoriteten, ifølge Rossavik. Eit godt døme er at kvinner fekk stemmerett. Det er anerkjenning forstått som likeverd. Aktivistar som nyttar identitetspolitikk, vil lenger. Dei vil, og her set eg det på spissen, gje kvinner dobbeltstemme for å retta opp historiske i feil. Dei vil nekta folk utanfor gruppa å kunna meina noko. Menn kan ikkje meina noko om til dømes abort. Kven du er, vert viktigare enn argumenta dine.

Sjølvkritisk

Rossavik viser kor inkonsekvent ein slik tenkjemåte er, men freistar samstundes å forstå. Det er prisverdig, og han nyttar bakgrunnen sin som tunghøyrd og homofil godt. Men det bør ikkje lulla lesaren inn i ei førestilling om at sanninga ligg ein plass imellom. Sanninga ligg i dei liberale verdiane der alle er frie og likeverdige. Fri debatt sikrar best mangfald og retten til å vera annleis.

Rossavik er sjølvkritisk og drøftar påstanden om at liberale ikkje ser makt og strukturar. Han opnar for å diskutera kva grupper som har grunn til å seia at dei er marginaliserte. Historisk kan det vera lettare å svara på, men kven som har makt i dag, kan diskuterast, og det er subjektivt. Er det den kvite arbeidaren som har privilegium, eller den svarte lesbiske kvinna som er blitt professor? Det er ikkje alltid lett å svara på. Difor er det mest inkluderande å halda på dei liberale ideane om likeverd. Kamp om særrettar vil splitta samfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement