Bok

Roman som minneord om bestefaren

Av og til brukar eg berøringskraft som kvalitetsstempel.

Camilla Bøksle har skrive sin første roman.
Camilla Bøksle har skrive sin første roman.
Publisert

Birger Torgaard Bøksle (1920–2017) var ein kjend person i Kristiansand, biletkunstnar og livsnytar med særleg sans for poesi og patosfylt deklamasjon, skal ein tru barnebarnet Camilla Bøksle, som har skrive roman om bestefar sin og slekta fleire ledd bakover gjennom heile 1900-talet.

Det heile startar med at bestefaren får inndratt sertifikatet grunna høg alder, og at barnebarnet deretter får overta bilen og nærast blir som privatsjåfør å rekne. Saman fartar dei rundt i Kristiansand og nærområdet på kafear, konditori og kjøpesenter mens dei snakkar om livet til bestefaren slik han sjølv minnest det, og slik ho tolkar det. Det er ingen pikante detaljar eller store skandalar å hente fram, meir minne i nokså kronologisk rekkjefølgje, med avsporingar, digresjonar, plutselege innfall, desorienterte spørsmål og eit korttidsminne som stadig vekk blir skrudd av og på. Det er både sjarmerande og rørande.

Kunstnardraum

Bestefarens store sorg er at han aldri fekk brukt dei kunstnarlege evnene sine. I staden enda han opp som «en uforløst kunstnersjel i grå postmesterfrakk». Kanskje var han for sjølvkritisk til eige arbeid, kanskje mangla han sjølvtillit, kanskje kom han aldri innanfor hos dei kunstnarane han søkte kontakt med – det vere seg Grøstad-brørne i Telemark, Sverre Hjertsen eller Kjell Nupen. Han fekk respons, men kom seg ikkje vidare. Først i ein alder av 86 år debuterte han med separatutstilling i Agder Kunstsenter.

Men Camilla Bøksle er ikkje ute etter å løfte bestefaren fram som ein misforstått og oversett kunstnar, ho har større interesse for mennesket Birger Bøksle: ein varm, kjærleg og krevjande bestefar som ho først blir skikkeleg kjend med det siste leveåret, mens ho skriv notat og referat av samtalane dei fører om livet og døden og det som ventar med utgangspunkt i diktet «Det er vakrast när det skymmer» av Pär Lagerkvist.

Nære

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement