JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Reiseguide til helvete

Det er ikkje lett å velje mellom dei to nye og vidt ulike gjendiktingane av Dante.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portrett av Dante, ei freske i Palazzo del Giudici i Firenze.

Foto: Wikimedia

5227
20180323
5227
20180323

Diktverk

Dante Alighieri:

Inferno. Den guddommelige komedie

Attdikting og forord
ved Erik Ringen
Bokvennen Forlag 2017

Dante Alighieri:

Inferno

Omsett med innleiing og notar av Asbjørn Bjornes
Forord av Henrik Syse
Dreyer 2018

Koss i all verda skal ein gje att Dante på norsk? Ikkje berre er universet som vert skildra, mektig og framandsleg og fullt av teologi og filosofi, med eit innhald som gjorde Dante til den fyrste eksilforfattaren, som Trond Berg Eriksen har sagt. Det farlege med verket var – og er kan hende framleis på noko vis – at trass i lån frå eldre visjonsdikting er dette ikkje fyrst og fremst ein mystisk visjon, men eit intellektuelt byggverk, eit tankesystem. Inspirasjonen er dels å finne i Aeneiden av Vergil; skrømtet hans vart jo turistguiden gjennom helheimen.

Framandsleg

Om visjonen ikkje er mystisk, vil ikkje det seie at Dante jamt er lettskjønleg. Mangt kan tolkast ulikt, og ikkje minst er tilhøvet mellom rytme og dette som Erik Ringen omtalar som det musikalske, på den eine sida, og tankekonstruksjonane på hi, ikkje så handfritt å få til.

Det finst to norske omsetjingar av Den guddommelege komedien, éi i utdrag av Henrik Rytter og Sigmund Skard frå 1965, med eit mektig og nok for mange moderne lesarar noko framandsleg språk – som eg for min del gjerne kan vere glad for, det vekkjer til live andre tankar enn om teksten er motstandslaus. Den fyrste fullstendige omsetjinga til norsk var av Magnus Ulleland, ferdigstilt i 1996. Opphavleg hadde Rytter laga omsetjinga si under krigen, og han hadde halde seg strengt til rimmønsteret. Skard justerte dette ein del då han tok opp att manuset, og gjorde dermed verket noko lettare språkleg tilgjengeleg. Magnus Ulleland gav opp rimmønstra, men fekk til gjengjeld eit ledig, om enn òg noko gammalvore språk som gjer seg godt i lydboka Cappelen Damm gav ut i 2009.

Vidt ulike val

Her har dei to ferske gjendiktarane òg hatt overmåte mykje arbeid, og dei har valt ulikt med omsyn til kor strenge dei er med det lyrisk-musikalske. Vala gjev to nokså ulike tekstar. Løysingane til Ringen legg meir vekt på å forme eit godt versemål, noko som gjer det naudsynt å veksle mellom former på norsk, og å markere lesemåtar av ord som elles bryt rytmen og melodien. For meg tykkjest det at vala til Ringen har skapt ein velflytande, god «tekstmelodi», som verkar songbar, og som i alle høve kjennest god å lese. Det har òg gjort at mange passasjar er mindre døkke, for Ringen har teke seg den fridomen å halde på meininga av strofene innanfor kvar tersin (tre liner), slik at tersinen til saman dekkjer forståinga. Det musikalske og forståinga er viktigast for Ringen, og dermed har han vore varsam med å fylle på med forklåringar av teksten.

Stort format

Her har Asbjørn Bjornes valt ei anna løysing. Han har laga eit verk av stort format, med di han har eit svært noteapparat og ei gedigen litteraturliste som fyller godt over halve boka. Slike bøker får vi altfor få av i dette landet. Her kan lesaren gjere seg til sjølvstendig granskar i Dante, og autodidaktisk gå om lag kor langt han/ho vil for å setje seg inn i mange slag kulturhistoriske, teksthistoriske og filosofisk-teologiske spørsmål som er relevante for ei djupare forståing.

Denne sjenerøse kunnskapsformidlinga gjer likevel ikkje at teksten vert tyngd av finurlege val, men opnar han mot nye spekulasjonar hjå lesaren. Den som vil, kan etter kvart gå på oppdagingsferd i det samtidige og seinare tekstuniverset av tolkingar. Det vil likevel seie at rett ofte buttar rytmen imot, for noko av det lyriske vert ofra for eit klårt norsk språk. Vel, det var jo så at Dante sjølv, slik Bjornes forklårar, nytta seg av allslag språkformer og ikkje gjorde seg altfor finsleg i slike val. Her får vi då ein norsk versjon som riv oss ut av på førehand forma meiningar om lyrikk og om Dante, med di vi oppdagar kor spennande denne reisa er.

Vondt å velje

For ei storfelt ferd det er! Dante greip fatt i og sette fast mønsteret for sjølvoppdaginga som ei reise der ein både vert framandgjord for samtidige tilhøve og møter dei veldige utfordringane til eiga fatteevne og dei grunnleggjande utfordringane i menneskelivet. Vi må vel alle gjennom våre eigne versjonar av inferno i delar av livet, og spørsmålet om kva for styrke vi opparbeider og kva slag hjelp vi får på vegen, vil aldri forsvinne.

Kva er den beste, mest interess­ante utgåva? Eg har vondt for å velje: Vi står overfor ei akademisk utgåve med noggrant litteraturvitskapleg arbeid hjå Bjornes, som eg høgaktar og er særs glad for. Det er eit sjeldant tekstvitskapleg arbeid. Den andre versjonen er den meir kunstnariske gjendiktinga til Ringen, som gjev lett og fri tilgang til teksten og fornyar lesinga monaleg. Som nerd vel eg Bjornes, som allmennlesar Ringen, og eg trur sistnemnde appellerer mest til det allmenne publikumet – gjendiktinga til Ringen kjenner eg sjølv meg mest vel med. Boka er ei attdikting av estetisk høg klasse.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi må vel alle gjennom våre eigne versjonar
av inferno i delar av livet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis